Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Eit godt år for «nybanken»

Jon Olav Ørsal Torsdag 12. mai 2022

I disse dager kan Sparebank1 Nordmøre sjå attende på det første heile driftsåret, samtidig som rekneskapen for 1. kvartal 2022 er klart.  Administrerende direktør Allan Troelsen presenterte både tal og fakta på ein pressekonferanse i Surnadal i går, og var godt nøgd både med tala frå det første heile driftsåret og med første kvartal i 2022.  Troelsen ga uttrykk for at han var nøgd med 2021 til tross for at resultatet var prega av mange ekstraordinære kostnader i samband med samanslåinga av dei to bankane – Sparebank1 Nordvest og Surnadal Sparebank , som frå 3. mai i fjor vart til nybanken Sparebank1 Nordmøre. 

Resultatet frå 1. kvaltal i 2022 er det første «ordinære» rekneskapen frå nybanken, og det viser at banken har stor aktivitet, og har god drift og høg vekst, og har fått ein god start på sitt første ordinære driftsår. Konsernet oppnådde eit resultat på 102 mill. og ein eigenkapitalavkastning på 11,2%.

Banken har i dag 12 bankkontor i Midt-Norge, med 2 hovudbaser i Surnadal og i Kristiansund – og har 220 tilsette. Med ein forretningskapital på 32,6 mrd er den nye banken den 14. største i Noreg. Banken har god tru på at den gode utviklinga vil fortsette, men det er sjølvsagt knytt usikkerheit både til krigen i Ukraina og til etterverknaden til koronapandemien som har prega landet dei siste par åra.  Men i bankens marnadsområde opplever banken at det er stor optimisme i næringslivet og det er også låg arbeidsløyse og både god privatøkonomi og god eiendomsmarknad.

I samband med samanslåinga var det oppretta to stiftingar – Sparebankstiftinga Nordvest og Sparebankstiftinga Surnadal Sparebank. Her vart deler av bankenes grunnkapital tildelt stiftingane i form av eigenkapitalbevis i den nye banken. De to stiftingane er no dei to største eigarane i nybanken.  Ved nyttår vart stiftingane tilført ytterligare 24,0 mill. i form av utbytte frå banken.  Størrelsen på dei to stiftingane utgjer ca 1/3 for Surnadal Sparebank og 2/3 for Sparebankstiftinga Nordvest – dette forholdet er også det same i styrande organ i banken.

Totalt sett er banken godt nøgd med utviklinga, og opplever det oppnådde resultatet som gode tal for banken. 

Publisert: 12. mai 2022, 10:21