Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ei annleis avslutningsfest for NoFo-elevar

Jon Olav Ørsal Onsdag 11. mai 2022

Onsdag ettermiddag var kampsportgruppa ved Nordmøre Folkehøgskule samla til avslutningsfest på Gammelfabrikken i Brusetmarka.  NoFo har nemleg sin siste skuledag komande laurdag og dermed var det duka for ei litt spesiell avsluningsfest denne ettermiddagen.  Dei laga nemleg sin eigen festmeny, som bestod av Viltgryte med tilbehør og Pizzasnurrar med viltkjøtt.  

På kjøkkenet – alle måtte delta i jobben for å lage festmiddagen – enkelte laga mat – andre dekte bord og orna andre ting. Foto Jon Olav Ørsal

Kampsportgruppa har etter kvart vorte godt kjent med Todalen, ettersom dei har vore her fleire gong medan dei har heldt på med matprosjektet sitt.  Først var dei her og lærte å lage graut og bakels, og det vart ein umiddelbar suksess.

Etterpå var dei med på ein slaktedag på Talgø Gard og fikk delta i slakting av hjort og partering. Ragnar Halle var læremeister, og elevane fekk innføring i kva dei parterte stykka heitte og kva dei kan brukast til.  Og så fikk dei lære å pakke og merke – klart til frysing. 

Dette ligg nok langt utafor læreplana, men det er absolutt nyttig lærdom og fin avkopling, seier Kjell Gunna Polden som er kontaktlærar for gjengen på kampsportlina på NoFo. 

Elevane fikk lære kva dei enkelte kjøttstykka kunne brukast til – Ragnar Halle er læremeister. Foto KGP

Neste leksjon var matlaging – her skulle dei få lære å bruke dei gode råvarene og lage rettar som skulle serverast på avslutningsfesta til elevane – som altså skjedde onsdag.  Her var Kjell Arve vikavoll hyra inn som konsulent.  Han hadde skadd skuldra si, så han måtte berre fortelje og peike på kva som skulle gjerast og så måtte elevane utføre jobben sjølv. Dette vart gjort med stor iver og innleving, fortel Kjell Gunnar Polden som har vore kontaktlærar for klassen i vinter, og har vore primus motor for opplegget med «Todalsprosjektet».

Etter at maten var ferdig og klar for servering, hadde elevane dekt festbord i peisestua i Gammelfabrikken.  Elevane hadde invitert Ragnar og Kjell Arve til bords for å ta del i avslutningsfesta mes sjølvlaga rettar – viltgryte og pizzasnurrar med viltkjøtt.

Kva krydder skal brukast i viltgryta? Foto KGP

Slik skal du gjera – Kjell Arve Vikavoll peika på – og kommanderte. Foto KGP

Gjengen som jobba på kjøkkenet – læremeister Kjell Arve med handa i fatle. Foto KGP

Publisert: 11. mai 2022, 20:46