Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Utplasseringsveke: Litt tå kvart å bryne seg på

Jon Olav Ørsal Onsdag 4. mai 2022

Dei går i 9. klasse og er denne veka på utplassering for å prøve seg litt i yrkeslivet.  Det er ei verdifull veke for ungdomane som no skal prøve seg litt i yrkeslivet, for dei står etter kvart framfor val av yrkesretning i skulen og det er jammen ikkje enkelt i dag.  Da er det iallfall viktig at vi som er så heldige at vi får slike dyktige og engasjerte ungdomar på besøk, og får være med og vise dei kva vi held på med.  Difor har vi etter beste evne prøva å få denne veka så interessant og allsidig som muleg, seier Gudmund Kårvatn ved Kårvatn Fjellutstyr. 

Trivelege og engasjerte ungdomar seier Gudmund Kårvatn. Her kontrolleres slipearbeidet og Isak er spent på om det blir godkjent. Foto Jon Olav Ørsal

Dei tre er Aron Rodal Haugen, Shan Allan Halle og Isak Drøpping, og alle tre er aktive idrettsutøvarar som er å finne i brukargruppa vår, seier Gudmund.  Dei er alle å finne på startlista for Kårvatn SkyRun og er over gjennomsnittet interessert i utstyr som vi har i butikken.  Men no er dei har på «arbeidsvis», og da vi stakk innom var dei i full gang med å slipe og preparere randonee-ski som skal klargjerast til vårsalet som startar alt på komande torsdag.  Sjølv om dei er aktive skientusiastar har dei ikkje prøvd det før – men no blir vi nok sjølvhjelpt på det området, trur Isak Drøpping. – og no kan vi også passe på at det blir ordentleg gjort, legg han til med eit smil. 

Prising og utstilling har vore ein del av jobben. Frå venstre Isak Drøpping, Aron Rodal Haugen og Shan Allan Halle. Foto Jon Olav Ørsal

I tillegg har det vore travelt med å lage ferdig utstillingar til salet som startar torsdag.  Her har dei vore delaktige både med prising og utstilling, og mot slutten av veka blir det nok travelt når det kjem mykje kundar på vårsal.  Elles har jobben bestått i pakking og sending av postordrevarer frå nettbutikken til Kårvatn Fjellutstyr.

Shan Allan feira forresten 15-årsdag på «jobb». Feiringa får vi ta i kveld – etter arbeidstid. Foto Jon Olav Ørsal

Bygger ny utstilling – alt skal være klart til salet startar torsdag meinte Shan, Aron og Isak. Foto Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 4. mai 2022, 11:36