Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Endeleg på plass på messe igjen – fikk premie for beste stand!

Jon Olav Ørsal Onsdag 4. mai 2022

I kjølvatnet på korona-pandemien er det stor glede i Byggmakker for at messene går sin gang igjen.  Dei siste par åra har aktivitetane vore prega av Teams-møter, som er vel og bra, men det erstattar liksom ikkje alt.  Dei første maidagane var alle Byggmakkerane samla på Gardermoen til årets Byggmakker Forum.  Det vil seie at tilsette frå butikkane var her som deltakarar, medan Talgø MøreTre og Talgø Bygg var her som utstillarar.

Talgø sin stand på BM Forum på Gardermoen. Foto Janne Rangnes

Arrangementet gikk over 3 dagar – frå 2. til 4. mai med eit variert program, der leverandører får vist seg fram og kan tilby sine varer og tenester til Byggmakkarane og deira Proffkundar.  Ein gjeng frå Talgø har i forkant bygd opp utstillingane under leiing av Janne Rangnes, som er Talgø sin marketingsjef.  – Ho fortel at Talgø denne gongen har hatt fokus på terrasse, uterom og branncase.  Det er no klart for at ein med enkle grep kan bruke MøreRoyal kledning til det meste av prosjekt igjen. 

I mål med med messebygginga frå venstre Benjamin Haxha, Janne Rangnes og Jon Olav Roaldset. I tillegg var Bjørn Sæterbø med, men engasjert med kameraet. Foto Bjørn Sæterbø.

Byggmakker Tredal vart forresten ein av 5 butikkar som vart nominert til årets BM-butikk.  Her vart det BM Bruland frå Førde som gikk av med ein knepen seier.  

Fikk premie for beste stand!

Før messa avslutta var det som vanleg kåring av beste stand, og her vart det nær sagt som vanleg Talgø som gikk til topps igjen! Marketingsjef Janne Rangnes gir æra til sine medhjelparar  som har stått på og skriv i eposten til oss: «Godt jobba av gutta krutt også, ikke minst Bjørn Sæterbø som står på som en helt for å få det akkurat slik vi har tenkt». Vi i Todalen.no føyer oss sjølvsagt inn i rekkja av gratulantar!

Salsapparat og montører i skjønn forening – her fekk dei applaus! Foto Janne Rangnes

I galleriet finn du nokre bildeglimt frå BM Forum på Gardermoen – foto Janne Rangnes og Bjørn Sæterbø

Publisert: 4. mai 2022, 15:00