Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kløvertur i ruskever

Dordi Jorunn Halle Måndag 2. mai 2022

Det var ikkje akkurat mildt og fint vårver første kløverturdagen i mai, men regnelingar og sterke vindkast. Turvandrarane måtte halde både på hatten og håret!

Triveleg i Gunnøya. Frå venstre: Åse, Helen, Helga, Karen Johanne, Kari og Marit. Foto: Dordi J H

Turen gjekk frå Matkroken og bort til Halsabrua i friske vindkast. Det vart litt lunare da turfølget kom inn på turstien langs Toåa. Etter ein liten pause i gapahuken i Gunnøya gjekk det strake vegen oppover til Bønnavollan og så ned att til gapahuken ved Båthølen. Da var det rett og slett ein «vederkvegelse» å kome under tak og få ly mot vinden. Det var faktisk varmt og godt inne i gapahuken!

Turen vart avslutta med triveleg prat og forfriskningar i Kaffekroken til handelsmann Nordvik.

Fleire bilete frå kløverturen 2. mai:

Stien frå Halsabrua mot Gunnøya er no kjøle fin. Foto: Dordi J H

Ujamnt underlag, her må ein konsentrere seg om å trø rett. Foto: Dordi J H

Fint å gå gammelstien, reint så idyllisk. Foto: Marit Sanden Søyset.

Hustre ver. Foto:Dordi J H

Godt å kry innomhus. Foto: Dordi J H

Grå dag! Foto: Dordi J H

Publisert: 2. mai 2022, 20:09