Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forside Arkiv

Vi fann 9096 artiklar i dette arkivet.


Russen fikk med seg gode råd på vegen

Jon Olav Ørsal Onsdag 27. april 2022

Dei siste 11 åra har Surnadalsrussen fått med seg gode råd på vegen når russefeiringa startar. Onsdag inviterte Sparebank1 Nordmøre til «russetreff» i banken, og med seg på det hadde dei Surnadal Sanitetsforening, Todalen sanitetsforening, Skulehelstenesta, Ambulansetenesta, Politiet og ordføraren. Alle saman hadde gode råd for russefeiringa, kvar på sin måte.


Nye bord og spesialmeny på 1. mai i år

Jon Olav Ørsal Onsdag 27. april 2022

Søndag 1 mai har Todalshytta komponert ein spesiell meny, og markerer at nye bord er på plass – både i den store og lille peisestua, fortel Arve Evensen. For å utnytte plassen betre i peisestuene så er borda skifta ut med nye bord, som er på plass i disse dager. Søndag vil kjøkkenet markere med ein spesialmeny for denne dagen.


Realistisk redningsøvelse i Svinviktunellen

Jon Olav Ørsal Onsdag 27. april 2022

Heldigvis var det berre ei stor redningsøving som i går kveld samla redningsetatane til felles innsats i Svinviktunnelen. Klokka 18.44 vart det ringt inn melding om ulykke med 2 bilar involverte inne i tunellen. Straks begynte det å skje ting, og da kom først ambulanse, brann/redningsmannskap og politi til staden i tur og orden


God gammeldags 17.-feiring i år…

Jon Olav Ørsal Tysdag 26. april 2022

I år er vi attende til god gammeldags feiring av nasjonaldagen den 17. mai, fortel Borghild Talgø i 17.- maikomiteen. Det vil seier at vi er attende til 2019-programmet og vil i år kjøre «full pakke» gjennom heile dagen. Starten på feiringa blir sjølvsagt biltog – eller «skrommeltog» som vi sa i gamle dagar, og fortsetter med frokostservering i idrettslagets regi


Kløvertur frå Bakkan til Heggøyan

Dordi Jorunn Halle Måndag 25. april 2022

Etter ein lang godversperiode med sol frå klår vårhimmel kom siste måndagen i april med grått og surt ver, men opphalde og stilt, alstå godt turver.


Todalshytta minner om balldagen

Jon Olav Ørsal Måndag 25. april 2022

Kvar tysdag er det balldag på Todalshytta!  Her bys det på både potetball med tilbehør og sildball med stekt bacon, fortel Arve Evensen som er vert på Todalshytta.  Det serveres ball frå kl 15:00 og utover til kl 18:00.  Todalshytta tek gjerne mot bestilling på telefon 929 97 550.  


Kløvertur til Fosstrøinn

Dordi Jorunn Halle Sundag 24. april 2022

Todalen sanitetsforening inviterer til Kløvertur måndag 25. april. Start frå Matkroken Todalen kl. 11:00. Alle er velkomne til å bi med ut og gå tur!


Triveleg å samlast til kaffelag med handarbeid

Dordi Jorunn Halle Laurdag 23. april 2022

Laurdag 23. april arrangerte Sanitetsforeninga strikkekaffe i Sanitetshuset. Sol og fint ver freista nok til uteliv, men likevel var det rimeleg godt oppmøte til Fredrikkekaffeen.


Koronavaksine: Informasjon om ekstra oppfriskingsdose

Jon Olav Ørsal Laurdag 23. april 2022

To målgrupper kan no få tilbod om ekstra oppfriskingsdose etter avtale: FHI opnar for at eldre frå 80 år og oppover og personar med alvorleg svekka immunforsvar no kan få tilbod om ei ekstra oppfriskingsdose. Det er den velprøvde vaksinetypen frå Pfizer som er aktuell.
Til personar med alvorleg svekka immunforsvar – Dersom din behandlande sjukehusspesialist anbefaler deg fleire doser koronavaksine enn du har fått til no, ber vi deg ta kontakt med vaksinekoordinator på Vaksinetelefon: 913 79 001 (mån. – fre. kl. 09.00 – 15.00)


Prisar våren som er i full gang…

Jon Olav Ørsal Fredag 22. april 2022

Endeleg er det tid for å prise våren – dei handlande i Røtet/Syltøran arrangerer tradisjonell vårfest no fram mot helga. Eiksentret har ein lang tradisjon som er godt innarbeidd, og dette har naboane også hiva seg på. Og naboane er i denne samanhengen Hageland Surnadal, Byggmakker Surnadal, Rørservice, Trollheimen Treningssenter og Sveen Auto.


Eit sikker vårteikn; Maiblomsten «blomstrar»!

Dordi Jorunn Halle Fredag 22. april 2022

Eit sikkert vårteikn er sanitetskvinner som sel maiblomster, i år er det i Todalen sal av maiblomstkrans og bilblomster, ein kan altså pynte både seg sjølv og bilen ved å støtte ei god sak.


Strikkekaffe og sal av maiblomster

Dordi Jorunn Halle Fredag 22. april 2022

Todalen sanitetsforening inviterer til strikkekaffe i Sanitetshuset laurdag 23. april i tidsrommet 13:00 – 16:00. Alle er velkomne!