Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

3 nybbygg på beddingen i sommar og haust

Jon Olav Ørsal Tysdag 12. juli 2022

Til tross for renteauke og aukande prisar på materialar, så det det stor byggeaktivitet og fullt opp for snekkarfirma.  Her i bygda er det akkurat no 3 bustadhus og fritidsbustader under produksjon. Det er Talgø Tradbo som er entreprenør for alle dei tre einingane, og alle er produsert med byggelement frå Talgøbygg i Todalen. Kortreist med andre ord!

Det er Talgø Tradbo som er entreprenør, og Birger reknar med innflytting ein gong i oktober. Foto Jon Olav Ørsal

I Øyagrenda er det eit fritidshus under oppføring, medan eit bustadhus er under oppføring på Husby og eit bustadhus til skal førast opp på Talgø gard, der det skal erstatte eit bustadhus som brann ned for snart to år sia. 

Wenche og Gudmund Kvendset bygger einebustad på Husby – her er det og Talgø Tradbo som er entreprenør. Foto Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 12. juli 2022, 17:38