Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Prøvar å være mest muleg sjølvforsynt med energi

Jon Olav Ørsal Sundag 10. juli 2022

Da Frode la på nytt tak på fyrhuset/garasjen, nytta han høvet til å legge på solcellepanel på taksida som snur mot sør. Frode har eit ønske om å være mest muleg sjølvforsynt med energi heme på garden i Steinarstua. Han er inforstått med at ei stor trønderlån nærast sluker energi – det er erfaringa etter mange år med vedfyrt varmeanlegg, som forsyner heile huset med varme og varmvatten frå oktober til april.

Herfrå styres anlegget som ligg vegg i vegg med fyrrommet. Foto Jon Olav Ørsal

Han har rekna ut at det vedfyrte anlegget produserer ca 25.000 kwh i løpet av dei 6-7 månadane det er i drift. Dei resterande månadane hadde Frode tenkt å dekke opp mest muleg med eigenprodusert straum frå solcelleanlegget.  Han har 28 solcellepanel montert på taket, og dei produserer ca 8kw på ein fin solskinnsdag, medan dei kjem ned mot 1 kw når det er ein gråversdag – altså stor forskjell på blå himmel og sol, og dager med gråver.  Da vi tok bilda til denne artikkelen var det sol, men ikkje heilt optimalt og da var produksjon 7 kw. 

Den dagen vi var innom hadde det vore sol ein times tid – på heile dagen var det produsert 24,5 kwh. Foto Jon Olav Ørsal

Tanken var å «fylle på » med eigeprodusert kraft, slik at vi kunne sleppe å fyre i sommarsesongen, men dette ga mindre effekt enn vi tenkte.  At det har vore mykje dårleg vêr no på vårparten påverkar sjølvsagt dette resultatet.  Den største kraftrekninga vi har hatt det siste halve året var faktisk i mai.  Det vil med andre ord seie at den eigenproduserte elkrafta erstattar vedbruken i mindre grad enn vi tenkte.  Dette kan mellom anna skuldast at vi har ein alt for stor varmtvasstanksom forvarmar alt for mykje vatn. Dette har vi planer om å rette på.  Sjølvsagt blir det og meir lønnsomt med eigenprodusert kraft desto høgare straumpris.

garasje/Fyrrom med 28 solcellepaneler på taket og mykje ved i skottet – her er det tydeleg at det blir satsa på fornybar energi i fleire former. Foto Jon Olav Ørsal

Frode seier at det er interessant å prøve seg fram med straumproduksjon og utnytte denne saman med vedfyring med tanke på oppvarming av våningshuset.  Det vil være med hjelpe slik at ein står bedre rusta på framtida med høg sjølvforsyningsgrad på energi – både med strumproduksjon og med drift av vedfyrt varmeanlegg.  Frode rosar AS Elektro som har bidrege med både gode råd og med levering/montering av solcelleanlegget. 

 

Publisert: 10. juli 2022, 19:46