Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Lader opp til EM med laksefiske i Toåa

Jon Olav Ørsal Fredag 8. juli 2022

Magnus Holde-Bygvraa har denne veka lada opp til EM i karate på Todalshytta.  Om tre veker går EM av stabelen i Holland og da er det viktig at alt stemmer, ikkje minst at den mentale formen er på plass og i balanse.  På spørsmål om kva som får en kampsportutøver til å dra frå Danmark til Todalen, så seier Magnus at det er viktig å finne fred og ro før konkurransen som går om 3 veker.  Den roa har han funnet i Todalen! 

Her har  eg klart å koble heilt av, og berre konsentrert meg om å prøve å få laksen til å bite.  Og det har eg jammen klart, for ein laks på rundt 5 kg vart frista av spinnaren som vart bydd fram – og dermed satt den på kroken.  I løpet av veka har han fiska i forskjellige soner – sågar har han prøve sjøfiske, som absolutt har sin sjarm. 

Ein liten fight på plena framfor Todalshytta – her måtte nok Kjell Gunnar finne seg i å bli lettvektar. Foto Jon Olav Ørsal

Den roa som eg opplever i elva er faktisk overførbar til kampsporten.  Kjell Gunnar Polden som i Surnadal er guru innafor Taekwondo er enig  med Magnus i det. Dei er og einige i at noko av det vanskelegaste  å sjonglere med er å gå frå avslapping og direkte til hastighet.  Dette er faktisk noko ein oppnår i flugefiske. Dei to avslutta seansen framfor Todalshytta med ein liten fight som viste at Kjell Gunnar måtte finne seg i å være lettvektar.  

Han er imponert over kor bra mat og godt stell som gruppa han er med i har fått – vi har kosa og og slappa av, og til og med fått litt tid til å nyte den flotte naturen i Todalen og tid til å filosofere litt. 

Publisert: 8. juli 2022, 15:46