Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stor vassføring i går kveld – Toåa på veg ned no

Jon Olav Ørsal Sundag 10. juli 2022

Resultatet av det strie regnvêret laurdag gjorde utslag på målestasjonen ved Storfossen.  Den viste rundt 17 m3/sek på målinga fredag kl 17, og laurdag kl 17 var den komen på knappe 35 m37sek, men regnvêret fortsette og elva vaks fort utover kvelden, og den gikk da etter kvart melfull.

Kor stor vassføring det var i elva utover kvelden blir rein gjetning, ettersom det ikkje er kome nye tall frå NVEs målestasjon sia laurdag kl 17.  Den automatiske målestasjonen ved Storfossen rapporterer egentleg vassføringa kvar 15. minutt, men det hjelper lite når målingane ikkje blir rapportert vidare til nettsida.  Vi kan kanskje vente å få det tala for det siste døgnet kl 17 på søndag?

Utsikt frå Brusetbrua – oppover mot Ramsøydalan og Fosstrøinn laurdag kveld. Foto Jon Olav Ørsal

Hagan – «Home-pool» for Todalshytta nedover mot Brusetmelan søndag i 10-tida – elva har gått ned etter at regnvêret ga seg. Foto Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 10. juli 2022, 09:26