Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Konsert under tak i kveld

Jon Olav Ørsal Fredag 8. juli 2022

Omtrent samtidig med at gruppa AD UNDAS går på scena er det faktisk meldt regn innover mot Svinviks arboret.  Men det har ikkje noko å seie, for gjengen i arboretet har lagt til rette for at alle skal fåplass under tak, fortel Katarina Wedelsbäck Bladh og Vår Stokke Folde som er klare til å ta i mot publikum når klokka nærmar seg 19:00 i kveld og konserten kan starte.

Kaffe og ein godbit attåt skal det bli ei rå med seier Vår Stokke Folde og Katarina Wedelsbäck Bladh ved arboretet. Foto Jon Olav Ørsal

Dei har og lagt opp til at publikum kan kjøpe seg ein kaffedråpe og sjølvsagt noko godt til kaffen.  Så her er det berre å hive seg rundt og dra til Svinviks arboret på konsert.  

Hektisk i arboretet i ettermiddag – innvandrartenesta i Sunndal og Surnadal var på besøk. Foto Jon Olav Ørsal

Det har forresten vore ein travel dag i arboretet, som har hatt besøk av to fulle bussar med folk frå innvandrartenesta i Sunndal og Surnadal på dagtid. Etter ein runde i arboretet skulle dei vidare til Todalen og Kårvatn før dei snudde.  Dei var ute på ein «bli kjent-runde»

Klokka 19:00 er det klart for konsert med gruppa AD UNDAS – og det skjer altså under tak i Svinviks arboret. Foto privat

Publisert: 8. juli 2022, 13:36