Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Solid konsert med AD UNDAS i arboretet

Jon Olav Ørsal Laurdag 9. juli 2022

AD UNDAS leverte ein flott konsert i Svinviks arboret fredag kveld, og det var ingen tvil om at dei trefte publikum heime med programmet, som var bunde saman av små forteljingar om folk og levd liv. – Det vart ei magisk og annleis oppleving som passa godt, og som publikum tok vel i mot.

Dyktige songarar som fekk mykje applaus frå eit lydhørt publikum. Foto Jon Olav Ørsal

Ingen tvil om at dei tre er dyktige songarar, og hadde faktisk evnen til å overraske innimellom, og fekk raust med applaus for det.  Dagens konsert i arboretet er 5. konserten på fem dagar.  Trioen avsluttar miniturneen laurdag med konsert på Austrått på Fosen.

Publikum var rause med applausen under konserten. Foto Jon Olav Ørsal

Arboretet hadde budd seg på at det skulle bli regn, og hadde plass under tak både for publikum og artistar.  Nokre regnbyger svippa da innom konsertarenaen innimellom, men det var først etter konserten at slusene opna.

Trioen i AD UNDAS består av Marte Fillan, frå Trondheim, Margrete Wilhelmsen, frå Mandal og Sunniva Fossly frå Hallingdal.

Sunniva Fossly frå Hallingdal. Foto Jon Olav Ørsal

Marte Fillan frå Trondheim – foto Jon Olav Ørsal

Margrete Wilhelmsen frå Mandal. Foto Jon Olav Ørsal

 

Først publisert: 9. juli 2022, 05:00 - Sist oppdatert: 8. juli 2022, 20:30