Kløvertur til Haltbakkan
Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 24. oktober. Start frå Matkroken Hals kl. 11:00. Blir du med?
Vi fann 9208 artiklar i dette arkivet.
Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 24. oktober. Start frå Matkroken Hals kl. 11:00. Blir du med?
Vi minner om innsamlingsaksjen som går på TV i heile dag – inntekta frå TV-aksjonen går i år til «Leger uten grenser», og det er forventa at aksjonen skal gi bra inntekt til organisasjonen. Behovet for midlar har kanskje aldri vore så stort, og situasjonen med energikrise, krig i Europa og ei gryende klimakrise minner oss kvar dag på om situasjonen. I Surnadal er innsamlingsaksjonen digital – det vil seia at det er ikkje gang i å vente på at bøssebærarar skal kome på besøk – dei kjem ikkje rundt i heimane i år. Du må i år bruke Vipps eller bankgiro for å gje ditt bidrag til aksjonen.
Laurdag 22. oktober inviterte Sanitetsforeninga til strikkekaffe. Her var det godt oppmøte sjølv om det var sol og fint ver.
Nils Gulla kjem nok til å minnast denne jaktdagen som starta med sol frå blå himmel. Saman med kamerater på eit forsterka jaktlag for Talgø og Kårvatn, fekk Nils sitt livs sjanse, da storjorten kom på posten til Nils – det skjedde på dagens siste jaging innover og ned Huslia. Nils satt på post litt innafor og nedafor Talgøsetra. – Det var ei fntastisk oppleving, fortel Nils, som like før hadde fått beskjed over jaktradioen om at dyr var på veg. Like etter kom hjorten – og Nils såg at det var ein stor kronhjort med flott gevir. Da den stoppa og snudde breisida til så smalt det første skotet – like etter smalt det andre skotet og hjorten fall.
Det høres kanskje litt mystisk ut, men det er ikkje nokon form for dramatiskk. I dag fikk vi være med på flygetrening på Kårvatn, der det vart øvd på bruk av drone i søk. Det var 2 frå politistasjonen i Kristiansund og 2 fra stasjonen i Surnadal som deltok. Treninga foregikk på Kårvatn fordi det er ein populær friluftsområde og da er det lurt å gjera seg litt kjent. I tillegg er det 10 angus-krøtter borte i Gammelseterdalen, og da vart det plutseleg ei nyttig oppgåve og litt realistisk trening.
Todalen sanitetsforening inviterer til Strikkekaffe i Sanitetshuset laurdag 22. oktober i tidsrommet 13:00 – 16:00. Alle er velkomne!
Etter at Haukåbrua vart reparert og oppgradert med nytt rekkverk har asfaltering stått på vent. I går kveld vart siste innspurt gjort unna, og entreprenøren Veidekke la nytt asfaltdekke på brua og litt utom på kvar kant.
Vi gjorde ei lita uoffisiell prissamanlikning i dag – noterte kort og godt prisane på bensinstasjonane på Skei, og samanlikna med prisane på HalsOil når vi var attende i Todalen.
Årets TV-aksjon går i år til organisasjonen «Leger uten grenser». Årets TV-aksjon skal gå til å forebygge og behandle sykdommer som rammer mennesker på tvers av landegrenser, uavhengig av etnisitet, seksuell orientering, religion, politisk ståsted, alder og kjønn.
Mørebiskop Ingeborg Midttømme har visitas i Surnadal siste veka i oktober. Kyrkjesokna legg opp til eit allsidig – og annleis – program. Konstituert prost Vidar Rygh og lokalstaben tek bispefølgjet rundt i kommunen for å vise noko av det pulserande livet i bygdene.
Det var mange som stakk innom på den lokale handledagen på Matkroken sist laurdag. Matkroken Todalen er ein av dei tre butikkane i Surnadal kommune som er med i Merkurprosjektet. Matkroken Todalen markerte dagen med gratis kaffe og både marsipankake og graut og bakels – noko som var sett stor pris på av kundane.