Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Hjortjakt: – Litt av ein debut for Nils

Jon Olav Ørsal Laurdag 22. oktober 2022

Nils Gulla kjem nok til å minnast denne jaktdagen som starta med sol frå blå himmel.  Saman med kamerater på eit forsterka jaktlag for Talgø og Kårvatn, fekk Nils sitt livs sjanse, da storjorten kom på posten til Nils – det skjedde på dagens siste jaging innover og ned Huslia.  Nils satt på post litt innafor og nedafor Talgøsetra.   – Det var ei fntastisk oppleving, fortel Nils, som like før hadde fått beskjed over jaktradioen om at dyr var på veg.  Like etter kom hjorten – og Nils såg at det var ein stor kronhjort med flott gevir.  Da den stoppa og snudde breisida til så smalt det første skotet –  like etter smalt det andre skotet og hjorten fall. 

Heile jaktlaget som var på jakt i dag – frå venstre Odd A. Vikavoll, Kjell G. Polden, Nils Gulla, Ragnar Halle, Anita Talgø, Nils Ove Bruset, Andreas Brøndbo, Odd Harald Talgø, Erik Kårvatn og Svein Håvard Brøndbo. I tillegg var John Moe med på jakta i dag. Foto Jon Olav Ørsal

Utvomminga foregår under kyndig veilening av Odd Arne Vikavoll (fra venstre) Nils Gulla Sigbjørn Kårvand og Svein Håvard Brøndbo. Foto K G Polden

Slakting på Talgø gard – etter transport ned frå Talgøsetra. Frå venstre Nils Gulla, Erik Kårvatn, Svein Håvard Brøndbo og Odd Arne Vikavoll. Foto Jon Olav Ørsal

Det viste seg å være ein 13 spiring, og den hadde eit par småe takker til, og kunne lett vorte ein 15-spiring.  Litt av ein debut for ein ung jeger som hadde med seg støttejeger som satt like ved og var klar til å yte bistand, men det vart det ikkje behov for.  Sigbjørn Kårvand som satt ved sida av Nils trong ikkje å yte bistand da alt fungerte etter «boka». 

Dyret vart deretter vomma ut og etterpå frakta ned til Talgø gard, der slaktinga foregikk like etterpå.  Sjølvsagt var det god stemning i laget etter eit slik resultat.  Laget har no felt eit tital dyr, men har enno fleire dyr på kvoten, så det blir nok fleire jaktdagar, da hjortjakta varer heilt til 23. desember i år. 

 

 

Først publisert: 22. oktober 2022, 18:06 - Sist oppdatert: 23. oktober 2022, 09:57