Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Flygetrening med drone i Gammelseterdalen – oppdatert

Jon Olav Ørsal Fredag 21. oktober 2022

Det høres kanskje litt mystisk ut, men det er ikkje nokon form for dramatiskk. I dag fikk vi være med på flygetrening på Kårvatn, der det vart øvd på bruk av drone i søk. Det var 2 frå politistasjonen i Kristiansund og 2 fra stasjonen i Surnadal som deltok.  Treninga foregikk på Kårvatn fordi det er ein populær friluftsområde og da er det lurt å gjera seg litt kjent.  I tillegg er det 10 angus-krøtter borte i Gammelseterdalen, og da vart det plutseleg ei nyttig oppgåve og litt realistisk trening.  

Kristian Bronnes er dronepilot hos politiet i Kristiansund. Her styrer han drona innover gammelseterdalen på leiting etter sakna anguskyr. Foto Jon Olav Ørsal

I politiets teneste blir det stadig meir aktuelt med bruk av droner i søk etter sakna personar eller kanskje søk etter kjeltringa på rømmen, fortel Kristian Bronnes som er dronepilot hos politiet i Kristiansund.  Han har forresten aner fra Todalen, der bestemora hans kjem frå! Droneflyging har vore mykje i fokus den siste tida, der det har vore flyging i nærleiken av flyplassar og samfunnsnyttige installasjonar.  Dette har gjort at folk følgjer med når det er aktivitet i lufta, og det har ført til at det varsla om droneflyging stadig oftare. For å fly med drone må ein ha sivilt kurs og opplæring – med Statens vegvesen som prøveinstans. Sjølv har Bronnes fått opplæring i politiet gjennom fleire kurs. 

Inni den kvite ringen ser vi ein kvit prikk – det er ei angusku som står på ei slå oppunder Storfjellet. Foto Gudmund Kårvatn.

Men dagens flyging var altså av det troskyldige slaget, og var øving i bruk av utstyret med tanke på nyttige og fredelege operasjonar. Det var forresten artig å sjå kor god oversikt ein fikk med denne drona som vart bruka i dag – det var utstyr for eijn kvart million som kunne fly eit godt stykke innover Gammelseterdalen.  Drona var utstyr med avansert kamera som både kunne filme på vanleg måte og bruke ein utruleg sterk zoom.  I tillegg kunne kameraet slås over i varmesøkande modus og dermed kunne ein om det var folk eller dyr i området.  Ein einsleg Angus vart lokalisert på ei slå, langt oppe i Storfjellet – det tykte Gudmund Kårvatn var imponerande. På det varmesøkande kameraet kom dyret fram som ein kvit prikk.  Elles er det både transportkapasitet, lys, høgtalar og kommunikasjonsutstyr på meir avanserte droner.  Dette hjelpemidlet får vi vel sjå meir til etter kvart!

her er drona komen opp i lufta og klar for å sette kursen innover Gammelseterdalen. Foto Jon Olav Ørsal

Drona (i den røde ringen) er kome i arbeid på tur innover Gammelseterdalen. Foto Jon Olav Ørsal

Etterord:  Kua som vart observert på ei slå oppunder Storfjellet av det varmesøkande kameraet, vart i dag henta ned av Gudmund Kårvatn.  Kua gjekk der, saman med ein kalv og ein fjorskalv – tilsaman 3 dyr.  Dei er no komne heim til Kårvatn, og går i lag med dei andre dyra. 

 

Først publisert: 21. oktober 2022, 14:36 - Sist oppdatert: 22. oktober 2022, 18:20