Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Bispebesøk i Surnadal

Tekst Bernt G. Bøe Sundag 16. oktober 2022

Mørebiskop Ingeborg Midttømme har visitas i Surnadal siste veka i oktober. Kyrkjesokna legg opp til eit allsidig – og annleis – program. Konstituert prost Vidar Rygh og lokalstaben tek bispefølgjet rundt i kommunen for å vise noko av det pulserande livet i bygdene.

Her nokre frå Normisjonsgruppa Amigos i Bøfjorden. Dei er langt fleire og gler seg på å vise biskop Ingeborg kva dei syslar med på bedehuset Betania. (Foto Bodil Kvam Aasbø, leiar fro Amigos)

Begynner i sentrum
Tysdag 25. oktober skjer det meste på Skei. Biskopen og hennar sekretariat møter tilsette i kyrkja, besøkjer Amfi Kreativ, kulturskulen, konfirmantundervisninga og Sommerrotunet. Om kvelden samlast sokneråda, fellesrådet og bispefølgjet i Kyrkjelydshuset. Onsdag er det besøk i barnehage og skule på Øye og på Surnadal Sjukeheim. Ranes kyrkje er publikumsarena for musikkprogram med lokale kor om kvelden.

Fellesfjøset med over 200 kyr i Bøverdalen får geistleg besøk. (Foto Lars Bæverfjord jr)

Kustell, butikk og bedehus
Etter synfaring i Mo kyrkje saman med kommuneleiinga og besøk på Røv Mølle torsdag morgon ber det til Åsskard. Første stopp der er den moderne mjølkeprodusenten «Jur og kustell AD» i Bøverdalen – med over 200 kyr i felles fjøsdrift. Omvisarar her er Hans Johan Aarnes og Lars Bæverfjord. På Coop Marked på Bølandet vil May Iren Dønheim Hovde presentere Merkur-programmet, ein vesentleg faktor for drift av nærbutikk.     Etter samver med Amigos-barna på bedehuset Betania står «frivillighet» som tema på Bøfjorden Grendahus. Her møter biskopen entusiastar frå dei lokale sokna som med stor gratisinnsats gjer lokalkyrkja levande. Bjarne Nordlund og Torbjørn Brøske innleier på møtet, som er ope for alle.

Mayse gler seg til å vise Merkurprogrammet i praksis på bua på Bølandet. Tek vi ikkje feil, blir det også kaffe – no helst med graut og bakels. (Foto Bernt Bøe 2019)

Gudsteneste i Stangvik
Etter eit par møtefri dagar blir veka avslutta med visitasgudsteneste i Stangvik kyrkje søndag 30. oktober. Her er det barnedåp og nattverd. Biskopen deltek saman med prestane Vidar Rygh og Torbjørn Brøske, andre tilsette og eit felles kor. Under kyrkjekaffen etterpå, der også alle er velkomne, held biskop Ingeborg Midttømme sitt visitasforedrag med tankar og visjonar etter kyrkjedagane i Surnadal.

Desse og andre i staben legg fram variert program for bispevistiasen. Frå venstre sokneprest Torbjørn Brøske, fungerande kyrkjeverje Lene Wilhelmsen, diakon Aud Brynhild Indset og fungerande prost Vidar Rygh. (Foto Bernt Bøe)

Publisert: 16. oktober 2022, 08:34