Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Triveleg laurdagsettermiddag i Sanitetshuset

Dordi Jorunn Halle Laurdag 22. oktober 2022

Laurdag 22. oktober inviterte Sanitetsforeninga til strikkekaffe. Her var det godt oppmøte sjølv om det var sol og fint ver.

Denne gongen var det utlodding. Interessa for loddkjøp var så stor at vertinnene måtte leite fram ekstra loddbok frå «arkivet»! Det var mange gevinstar og mange heldige vinnarar.

Vertinnene Arndis og Helen. Dei er også ansvarlege for drifta av Strikekaffeen for Todalen sanitetsforening. Foto: Dordi J JH

Eldste deltakar på strikkekaffeen var Jenny – ho fylte 101 år for ei veke sidan! Ho feira dagen sin i Sanitetshuset med slekt og vener. Og i dag stilte ho på Strikkekaffe med fin lestbunding, og ho er nok i rute med julegåvene.

Arndis og Helen var vertinner. Dei serverte kaffe med riktig god bakst til; kanelsnurrar og eplekake med krem og is!

Strikkekaffe er ein triveleg og uformell møteplass – eit viktig tilbod frå Sanitetsforeninga.

Neste strikkekaffe blir laurdag 12. november.

Frå venstre: Åse, Jorunn, Synnøve, Bodil og Ingeborg. Foto: Dordi J H

Rundt bordet: Gro, Åse, Jorunn, Synnøve, Dordi. Foto: Dordi J H

Publisert: 22. oktober 2022, 22:37