Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Bra respons på lokal handledag

Jon Olav Ørsal Laurdag 15. oktober 2022

Det var mange som stakk innom på den lokale handledagen på Matkroken sist laurdag.  Matkroken Todalen er ein av dei tre butikkane i Surnadal kommune som er med i Merkurprosjektet. Matkroken Todalen markerte dagen med gratis kaffe og både marsipankake og graut og bakels – noko som var sett stor pris på av kundane. 

Til tider var det stor kundetilstrøyming  i butikken og det var nok mange som fikk gavekort frå Matkroken som premiering for storhandel, fortalte handelsmann Nordvik som var aktiv med servering av kaffe og blautkake utover dagen. 

Frå Kaffekroken – Frå venstre Andrea, Anne Berit, Ingrid og Einar. foto Jon Olav Ørsal

Rundt kaffebordet – frå venstre Anders. Kjell, Per, Terje N og Leif Egil. Foto Jon Olav Ørsal

Det var mange som stakk innom matkroken Todalen i dag. Foto Jon Olav Ørsal

Publisert: 15. oktober 2022, 12:26