Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

HalsOil er billigst i by’n

Jon Olav Ørsal Tysdag 18. oktober 2022

Vi gjorde ei lita uoffisiell prissamanlikning i dag – noterte kort og godt prisane på bensinstasjonane på Skei, og samanlikna med prisane på HalsOil når vi var attende i Todalen. 

Dieselen var dyrast på pumpa til Cirkel-K. foto Jon Olav Ørsal

Har vore klar over at prisane har svinga ganske mykje på besinstasjonane i Surnadal, medan dei har vore ganske så stabile på stasjonen i Todalen.  Vart vel egentleg litt overraska over at HalsOil var billigast «all over», og at prisforskjellen var så mykje som kr 3,91 pr liter i forskjell på dieselprisen mellom HalsOil og Cirkel-K på stasjonen på Vasseng.  På bensinprisen er det kr 1,90 forskjell på dyreste alternativ – her er det Esso som er dyrast. 

Prissamanlikninga vart gjort tysdag i lunch-tida, og i Todalen like etterpå.  

Esso hadde den dyraste bensina på Skei tysdag – kr 1,90 dyrare enn på Pumpa til halsOil i Todalen. Foto Jon Olav Ørsal

Uno-X i Alti-sentret – foto Jon Olav Ørsal

YX Bjarne Schei på Skei. Foto Jon Olav Ørsal

Publisert: 18. oktober 2022, 17:00