Fotpleie i desember
No er det tid for ein ny runde med fotpleie i Todalen sanitetshus. Fotterapeut Pan Promchart kjem måndag 12. desember. Det er mange ledige timar.
Vi fann 9143 artiklar i dette arkivet.
No er det tid for ein ny runde med fotpleie i Todalen sanitetshus. Fotterapeut Pan Promchart kjem måndag 12. desember. Det er mange ledige timar.
Bak luke 6 var det jammen 2 gevinstar i dag også – den eine gevinsten var eit flott par varme ullsokkar som vart vunne av Ingrid og Dan Roger Pedersen. Dette var nok ein gevinst som er rett i tida, ettersom vinteren no kryp innpå oss. Den andre gevinsten derimot …
Trekninga for måndag 5. desember er klar – det er 2 gevinstar som ligg bak luke nr 5 – Ein flott brødboks full av havrekjeks med Andreas og Tore Talgø som vinnarar. Havrekjeksene er sjølvsagt heimebaks av beste sort! Den andre gevinsten er kjøkkenreiskap som er laga i tre – Her er det Nestua på […]
Det var over 40 frammøtte på ei flott lysmesse i Todalen kyrkje søndag. Dyktige konfirmantar stod for tekstlesing, presten held ein glimrande tale om nettopp lyset og kjærleiken, og Torbjørn Brøske stod for musikken. Kyrkjelyden song av full hals, og det var ei stemning til å ta og føle på.
Todalshytta melder at servering av juletallerken søndag 4. desember er avlyst grunna sjukdom.
Denne dagen er det heile 3 gevinstar – det er ei julestjerne med lys – her er vinnaren Tove Talgø Brøndbo. Dei to andre gevinstane er gryteklutar – det eine settet er i raudt og kvitt mønster, medan den andre er einsfarga kvitmønstra. Dei hamnar i Bekkerhagan….
Det vart ein fin jubileumskonsert for kulturhuset, da 2o-årjubileet vart feira med ein flott konsert i Storstua laurdag kveld. Spesielt vart vi imponert over Batteri som ikkje har spela saman på 5 år, men som fann att tråden både med publikum og kvarandre. Dei beviste enno ein gong at dei er dyktig og kreative musikarar som […]
Laurdag 3. desember var det klart for å presentere bind nr 5 av bygdeboka for Surnadal kommune. Bind nr 5 omhandlar området frå Honnstad og oppover til Kvammen – altså til grensa mot Rindal. Med bind nummer 5 reknar vi med at vi er komne på halvvegen sa kultursjef Lilly Husby da ho ønska eit stort og interessert publikum velkomne på premiere for det nye bindet.
Kling no klokka, for det kimer no inn til årets siste månadens bilete-val! Så her er det berre å vandre inn fra kvar ein verdenskrok for å sikre at din favoritt går sigrande ut av kåringa.
Ved Bindalsbygg på Terråk er takstolane på plass, og i neste veke skal det være tett tak på det nye lagerbygget som blir bygd i tilknyting til Byggernbutikken i sentrum. Dette skal forenkle lagerhaldet og butikkdrifta for oss, seier Adelsten Paulsen som er butikksjef på Byggern Bindal i Terråk.
Jammen var det eit par ullestar som var gevinsten under luke nr 3 i Adventlotteriet. Vinnar denne gongen dro vi kjapt kjensel på, da det stod Skogly på vinnarlodden, og da blir det nok størrelsen som kjem til å avgjera om det blir underteikna eller om det blir Berit som blir den heldige brukar.
Det var ingen som klaga på nokre få kuldegrader da det tidlegare i kveld var julegrantenning i Brusetmarka. Det skedde sjølvsagt i Trudvangkrysset, og treet er flott pynta med mykje lys. Triveleg med lokal julegrantenning som samla store deler av legmålet til litt sosialt samvær.