Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kårvatn Skimo: – Velkomen til bankett

Jon Olav Ørsal Måndag 30. januar 2023

I samband med NM i randonee på Kårvatn nestee helg blir det arrangert ein bankett i Todalen ungdomshus, laurdag 4. februar kl 19:00.   Det er ein felles bankett for løparar, funskjonærar og for alle andre som har lyst til å være med.   Der blir det servert jegergryte frå HammerStuene som hovudrett og etterpå blir det servert kaffe. 

På banketten bys det på jegergryte frå Hammerstuene. Foto TFK

Program under banketten:  Ein av pionerane innafor skimo/randonee i Noreg, Bård Smestad kjem for å kåsere om temaet «Småfjellskjøring». – Bård er kanskje den som har flest skiturar i løpet av året, og eit kåseri med han er absolutt verdt å få med seg!  
Ps! Har du allergiar eller andre behov, så er det lurt å varsle om de når du melder deg på!  Velkomen på bankett!

Inngang kr 200.                                                                                     
For at vi skal kunne bestille «riktig» antall porsjoner ønsker vi å vite noenlunde antall som kommer.
Påmelding til Emil, 401 06 889, eller via EQ-timing innen tirsdag 1. februar.

Arrangør: Trollheimen fjellsportklubb

Bård Smestad er godt kjent i Dalalia – laurdag kveld vil han kåsere om temaet «Småfjellskjøring» under banketten i ungdomshuset.  Foto TFK

Først publisert: 30. januar 2023, 10:00 - Sist oppdatert: 31. januar 2023, 09:27