Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Mange trossa regnet og kom på gudsteneste

Jon Olav Ørsal Sundag 29. januar 2023

Ein skulle kanskje tru at regnvêret som verkeleg glimta til i føremiddag hindra tilstrøyminga til kyrkja og dagens gudsteneste. Men heller tvert i mot så kom det eit stort trettital for å ta del i dagens gudsteneste.  Ei litt spesiell gudsteneste forresten, fordi meir eller mindre heile mannskapet var vikarar.  Liturg var for høvet Bjørn Hovde, som var vikar for Torbjørn Brøske, som er tilsett som vikar i samband med utlysinga av ny prestestilling etter Kristin Strand som slutta til nyttårs.

Bernt Bøe er godt kjent med orgelet i Todalskyrkja – han var organist her i 18 år – no er han tilsett vikar. Foto jon Olav Ørsal

Bernt Bøe som var organist er tilsett vikar etter Ronny Kjøsen som ehar sagt opp organiststillinga si.  Bernt var fast tilsett som organist i Stangvik prestegjeld frå 1998 (frå 1975 i Åsskard). Bernt gikk av med pensjon i 2016, men har fungert som vikar i mykje av tida etterpå.  Gudmund Husby er vikar/frivillig som klokkar.  Han var tilsett som klokkar for mange år sia, og er no altså attende som vika/frivillig igjen.  Godt å sjå at ting fungerer, sjølv om vikarar må steppe inn.  

Oddvar Wæge var på post – her sørger han for 3 x 3 med kyrkjeklokka. Foto Jon Olav Ørsal

Av den faste staben var det i dag berre kyrkjetenar Oddvar Wæge som var på plass og så sjølvsagt kyrkjevertane frå soknerådet da – i dag var det John Moe og Monika Klungervik. I tillegg var to av årets konfirmantar med som tekstlesarar – Hallvard Rudson Nordvik og Tor Asbjørn Karlsen.  

Konfirmantane deltok i tekstlesinga – Hallvard Rudson Nordvik og Tor Asbjørn Karlsen. Foto Jon Olav Ørsal

Men sjølv om det vart ei «vikargudsteneste» så kom dei godt i mål med gudstenesta – alle sammen var dyktig og rutinerte folk som takla den jobben godt.  Bjørn Hovde tok i dagens preken utgangspunkt i den blinde tiggaren i Jeriko – ein by som ligg 260 meter under havflata ved Dødehavet.  Han heldt ei god preken for eit lydhørt publikum.  Dagens takkoffer gikk til misjonsprosjektet – eit prosjekt i Etiopia og Midt-Østen som kyrkja i Surnadal har vore med og støtta i 20 år.  

Bjørn hovde heldt ei god preken for eit lydhørt publikum. Foto Jon Olav Ørsal

Todalingane i P17-koret var med og forsterka salmesongen. Frå venstre John Moe, Øystein Moe, Einar Husby, Randi Vetleseter Bøe, Borghild B. Talgø og May Elisabeth Holten. Foto Jon Olav Ørsal

 

 

 

 

Publisert: 29. januar 2023, 13:26