Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forside Arkiv

Vi fann 9101 artiklar i dette arkivet.


Adventlotteri – tiande trekning laurdag 10. desember

Jon Olav Ørsal Laurdag 10. desember 2022

Det er stigande spenning i adventlotteriet, for attafor luke nr 10 fann vi to gevinstar – den eine gevinsten er også eit produkt som kjem rett frå naturen, nemleg eit flott hjortsteik.  Dette blir nok prima vare for den heldig vinnaren som er  Elisabet Aas.  Dagens andre vinnar får nye og heimlaga kjøkkenreiskap – laga i einer.  


Kaldvêr og høge straumprisar sett sitt preg på dagane

Jon Olav Ørsal Laurdag 10. desember 2022

Etter det siste snøvêret denne veka har gradstokken gradvis gått nedover etter kvart som det har klårna opp.  Den lågaste temperaturen har vi nok målt natt til laurdag, med -13,4 rett utafor kontorglaset.  Enkelte plassar har det vore enda eit par-tre grader kaldare, slik at vi kan sjå 15-talet og sågar 16-talet ovafor Falla.  Medan […]


Adventlotteri – niende trekning fredag 9. desember

Jon Olav Ørsal Fredag 9. desember 2022

Attafor luke nr 9 fann vi eit reit naturprodukt – nemleg ein pose med 2 kg tyttebær som Marit Sanden Søyset eigenhendig har plukka.  Den heldig vinnaren er Ivar Bolme som no har prima råstoff for å lage trollkrem – eller røra tyttebær til elgsteika?  Fredag den 9 var det også to gevinstar – den […]


Søndagens julebuffe på Todalshytta er AVLYST

Jon Olav Ørsal Fredag 9. desember 2022

Komande søndag 11. desember var det tillyst julebuffe på Todalshytta – Vi har no beslutta å avlyse denne julebuffen, da det har vore liten eller ingen respons på tilbodet, seier Arve Evensen på Todalshytta til Todalen.no.    Todalshytta er medlem på Todalen.no 


Adventlotteri – åttende trekning torsdag 8. desember

Jon Olav Ørsal Torsdag 8. desember 2022

2 spennande gevinster attafor luke nr 8 som sjølvsagt er trekt ut på den 8. desember.  Den første premien er Todalen historielags årsskrift for 2022, som saman med Seterbok for Todalen utgjør første gevinst – heldig vinnar er Gudmund Kårvatn.  Gevinst nr 2 på denne dagen er eit puzzlespell i 1000 bitar, med motiv frå […]


Let it snow, let it snow!

Dordi Jorunn Halle Torsdag 8. desember 2022

«Let it snow, let it snow» – song Tordenskjold songkor onsdag kveld i Ungdomshuset. Og det passa godt, for det snødde «gamle kjerringar» heile kvelden!


Liv fikk eldrearbeidsprisen for 2022

Jon Olav Ørsal Onsdag 7. desember 2022

På pensjonistlaget årlege julemiddag fikk Liv Botten den gjeve eldrearbeidsprisen. Dette er ein pris som kvart år blir delt ut til ein person, lag eller foreining som har utmerka seg med positivt og ulønna eldrearbeid.  Liv Botten har vore leiar for Surnadal demensforening og helselag i ei årrekkje.  -Liv har eit brennande engasjement, er ryddig og har fokus på framdrift, sa Anett Ranes som delte ut prisen på vegne av Surnadal kommune. 


Adventlotteri – sjuande trekning tysdag 7. desember

Jon Olav Ørsal Onsdag 7. desember 2022

Bak luke 6 er også 2 gevinstar, og vi held oss framleis til heimestrikka handver – eit par strikkavottar og ei strikka lue i ull.  Den heldige vinnaren av dei flotte strikkavottane er Svein Håvard Brøndbo.  Medan den flotte lua i heimestrikka ull…. Her vart det Magne og Arndis Søyset som vart vinnarar.  Begge gevinstane […]


Førjulskonsert med Tordenskjold songlag i Todalen

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 7. desember 2022

Onsdag 7. desember klokka 19:00, inviterer Tordenskjold songlag til førjulskonsert i Todalen ungdomshus. Tordenskjold songlag, vil saman med Los Invalidos og solist Nina Halset, sørge for god førjulsstemning.


Fotpleie i desember

Dordi Jorunn Halle Tysdag 6. desember 2022

No er det tid for ein ny runde med fotpleie i Todalen sanitetshus. Fotterapeut Pan Promchart kjem måndag 12. desember. Det er mange ledige timar. 


Adventlotteri – sjette trekning tysdag 6. desember

Jon Olav Ørsal Tysdag 6. desember 2022

Bak luke 6 var det jammen 2 gevinstar i dag også  – den eine gevinsten var eit flott par varme ullsokkar som vart vunne av Ingrid og Dan Roger Pedersen.  Dette var nok ein gevinst som er rett i tida, ettersom vinteren no kryp innpå oss.   Den andre gevinsten derimot …


Adventlotteri – femte trekning måndag 5. desember

Jon Olav Ørsal Måndag 5. desember 2022

Trekninga for måndag 5. desember er klar  – det er 2 gevinstar som ligg bak luke nr 5 – Ein flott brødboks full av havrekjeks med Andreas og Tore Talgø som vinnarar.  Havrekjeksene er sjølvsagt heimebaks av beste sort!  Den andre gevinsten er kjøkkenreiskap som er laga i tre –  Her er det Nestua på […]