Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kløvertur i godt vinterver.

Dordi Jorunn Halle Måndag 6. mars 2023

Etter ei helg med mykje ver – stort snøfall og vind – vart det opphaldsver under kløverturen måndag 6. mars.

Det er store snømengder i terrenget, så også denne gongen vart det tur etter allmannvegen utover Stranda. Turen vart avslutta med ein runde i Kvennsetøran bustadfelt.

Vi skimtar sola. Foto: Marit Sanden Søyset.

Men det er stemningsfullt å gå tur i nydeleg vinterlandskap, spesielt når det både vart elrå og det er vebju.

Ny tur om ei veke, altså måndag 13. mars.

Snøen ligg tungt i trea – fint med vebju! Frå venstre Kari, Åse, Arndis, Liv Jorunn, Helga, Marit og Jorunn. Foto: Dordi J H.

Fin vinterdag! Foto: Marit Sanden Søyset.

Til sist ein runde i bustadfeltet. Det er retteleg vinter! Foto: Dordi J H

Først publisert: 6. mars 2023, 16:59 - Sist oppdatert: 7. mars 2023, 23:06