Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Det snør og det snør og vi…

Jon Olav Ørsal Sundag 5. mars 2023

Ja det er faktisk slik at vi snør mesta ned – det siste halvanna døgnet har det kome unormalt mykje snø, og snøen har vore tung. Ståle Ansnes i Todalen Mjølk seier at han aldri har opplevd så mykje og så tung snø før i sin karriere som brøytesjåfør.  Snøen er kram og fuktig og Ståle merka det godt på traktoren i dag tidleg da han var ut på brøyting – faktisk var det poblematisk å få nok marktrykk for å styre traktoren. 

Måtte lette litt på skjæret for å få skikkeleg feste, og snøen som kom i natt var skikkeleg fyktig kramsnø som var tyng å handtere, sjølv om vi har reltativt store traktorar som blir bruka til brøyting. Snøfallet har fortsett i heile dag, men på vermeldinga til yr er det lova at det stor snøfallet skal gje seg etter kvart, men litt snø og litt kaldare blir det dei neste dagane.  

Mykje og tung snø – siste døgnet har det kome over halvmeteren konstaterer Ståle Ansnes i Todalen MJølk Foto Jon Olav Ørsal

Todalen Mjølk har brøytinga både på fylkesvegane og kommunevegane, så det siste døgnet har det mildt sagt vore travelt, fortel Ståle Ansnes.  

Publisert: 5. mars 2023, 18:32