Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Bo i Todalen Arkiv

Vi fann 42 artiklar i dette arkivet.


Trimgruppa inviterer til olsokfeiring ved Båthølen

Jon Olav Ørsal Sundag 24. juli 2022

Fredag 29. juli kl 18:00 inviterer T.I.L.s trimgruppe til olsokfeiring i Toåa tursti, ved gapahuken i Båthølenlen. Det blir ei triveleg samling, med sal av bålkaffe og noko å bita i. Vi håpar at mange tek seg tid til ein pust i bakken og blir med på olsokfeiringa! Alle er velkomne, melder TILs trimgruppe!


Prøvar å være mest muleg sjølvforsynt med energi

Jon Olav Ørsal Sundag 10. juli 2022

Da Frode la på nytt tak på fyrhuset/garasjen, nytta han høvet til å legge på solcellepanel på taksida som snur mot sør. Frode har eit ønske om å være mest muleg sjølvforsynt med energi heme på garden i Steinarstua. Han er inforstått med at ei stor trønderlån nærast sluker energi – det er erfaringa etter mange år med vedfyrt varmeanlegg, som forsyner heile huset med varme og varmvatten frå oktober til apri


St. Hans med grillkos og bålbrenning i turstien

Jon Olav Ørsal Torsdag 23. juni 2022

Det var trimgruppa i Todalen I.L. som stod som arrangør da St. Hans vart feira med bålbrenning og grilling ved gapahuken i Båthølen. Torsdagskvelden vart ein rettelg fin sommarkveld med sol og god temperatur, og jammen trur eg både store og småe kosa seg på kvar sin måte



God gammeldags 17.-feiring i år…

Jon Olav Ørsal Tysdag 26. april 2022

I år er vi attende til god gammeldags feiring av nasjonaldagen den 17. mai, fortel Borghild Talgø i 17.- maikomiteen. Det vil seier at vi er attende til 2019-programmet og vil i år kjøre «full pakke» gjennom heile dagen. Starten på feiringa blir sjølvsagt biltog – eller «skrommeltog» som vi sa i gamle dagar, og fortsetter med frokostservering i idrettslagets regi


Suksess med taco & påskenøtter – oppdatert

Jon Olav Ørsal Torsdag 14. april 2022

Onsdag kveld inviterte Todalen.no sine støttemedlemar og andre til tacoselskap med påfølgande påskenøtter. Det vart faktisk ein suksess, og vi er imponert over at vi kan dra eit 60-tal med både ungdommar og godt vaksne deltakarar til ein slik kveld, seier styreleiar i Todalen.no Stig Husby. Med eit 60-tal til bords så gikk tacoen unna, og kokkane fekk mykje skryt for maten.


Hutrende badeliv i Hyllnesbukta

Jon Olav Ørsal Laurdag 19. februar 2022

Nei da, det var ingen av badegjestane som klaga – verken på vêret eller på temperaturen i sjøen.  Er det badedag, så er det badedag, så underteikna takka høfleg nei tilbode om å være med uti og ta ein dukkert. I dag var det tette snøbyger i Hyllnesbukta, men det såg ikkje ut til å påvirke badelysten.


Mange kom på sosial OL-kaffe i turstien

Jon Olav Ørsal Sundag 6. februar 2022

Trimgruppa i Todalen I.L. arrangerte OL-kaffe i turstien søndag ettermiddag.  Det vart ein stor suksess, sjøl om Klæboe ikkje innfridde forventningene om OL-medalje i Beijing.  Elinor Bolme, som er leiar i trimgruppa fortalte at dei hadde servert kaffe og nystekte kanelsnurrar til 50-60 deltakarar som var møtt opp. 


Romjulsmarsj med ny vri vart suksess

Jon Olav Ørsal Måndag 27. desember 2021

Romjulsmarsjen er ein godt innarbeidd traisjon i Todalen – tradisjonelt har det vore to «gløggstasjonar» – på Bruset og på Sandstad – med registrering, og med utdeling av medaljer som eit synleg bevis for deltaking.  I år er opplegget endra, og sjølvsagt tilpassa situasjonen med smittefare for covid-19, og det gjorde ein forskjell som kanskje ga årets Romjulsmarsj rekorddeltaking. Tilsaman vart det 165 deltakarar, pluss 2 hestar og eit utall hundar – noko TILs trimgruppe er godt nøgd med.


11 turar i Todalen

Guro Redalen Onsdag 12. august 2020

Rykker det i turfoten, men du har gått deg litt lei av dei faste trimpostane? Får du besøk i helga og lurar på kva du skal vise fram av bygda? Er du ny i bygda og ser ikkje stiane for berre fjell?  Fortvil ikkje, 11 ulike turar med ulik pulsgrad ligg ute på nettstaden morotur.no. Og […]


Takk for oss, ferien er slutt for i år, men…

Jon Olav Ørsal Fredag 31. juli 2020

Vi trefte familien Halle-Jonassen utafor butikken på Matkroken i Todalen. Etter tre vekers ferieopphald på Todalsøra var familien på veg heimover til Skjetten med fullasta bil og tilhengar. No hadde dei vore inne på Matkroken og sagt takk for seg, og var klare til å sette kursen til Kvanne for å få ein ferjetur som dei minste hadde som delmål. 


Hus til sals: Todalsøra 78 – Solberget

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 4. juli 2020

Då kjem det hus for sal i Todalen. Denne gongen er det Todalsøra 78, eller betre kjent som Solberget (Gnr.: 145 – Bnr.: 8 og 33)  som kjem for sal. Solberget ligg like ved Todalsfjorden på Todalsøra. Avstand til butikk ca. 2 kilometer, til barnehage/skule ca. 2,5 kilometer og til kommunesenteret ca. 25 kilometer