Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

God gammeldags 17.-feiring i år…

Jon Olav Ørsal Tysdag 26. april 2022

I år er vi attende til god gammeldags feiring av nasjonaldagen den 17. mai, fortel Borghild Talgø i 17.- maikomiteen.  Det vil seier at vi er attende til 2019-programmet og vil i år kjøre «full pakke» gjennom heile dagen.  Starten på feiringa blir sjølvsagt biltog – eller «skrommeltog» som vi sa i gamle dagar, og fortsetter med frokostservering i idrettslagets regi.

Biltoget i 2019 – arkivfoto Jon Olav Ørsal

Vi er glad for at vi er attende til god gammeldags feiring av nasjonaldagen.  Sjølv om detaljane i programmet ikkje er heilt klart enno, så er det klart at det blir både biltog, frukost på Bordholmen, gudsteneste er fastlagt til kl 14, og så blir det folketog med hornmusikk og tradisjonell feiring i Ungdomshuset med både tale for dagen og servering av sodd. 

Frokost på Bordholmen har etter kvart vorte ein lang tradisjon – her frå 17. mai i 2019. Arkivfoto Jon Olav Ørsal

Vi kjem attende med fleire detaljar, slik som tidspunkt etc., etter kvart som programmet blir fastlagt.  Vi er iallfall klare til å lage ei skikkeleg feiring av nasjonaldagen og vi kan da vel markere at vi har lagt koronapandemien attom oss!  

Publisert: 26. april 2022, 08:52