Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Mange kom på sosial OL-kaffe i turstien

Jon Olav Ørsal Sundag 6. februar 2022

Trimgruppa i Todalen I.L. arrangerte OL-kaffe i turstien søndag ettermiddag.  Det vart ein stor suksess, sjøl om Klæboe ikkje innfridde forventningene om OL-medalje i Beijing.  Elinor Bolme, som er leiar i trimgruppa fortalte at dei hadde servert kaffe og nystekte kanelsnurrar til 50-60 deltakarar som var møtt opp. 

Registreringpunktet for både TIL-trimmen og StikkUT vinter. Palmer og Anna-Britt frå Nordvik og Liv Jorunn og Øystein Moe. Palmer sakna skilt med Nordvik, så kanskje han tek oppfordringa og lagar eit? Foto Jon Olav Ørsal

Etter to år med koronapandemi er det tydeleg at det er stort behov for å treffe folk og å være sosiale – i tillegg til at folk likar å trimme og halde seg i form.  Den nye turappen som trimgruppa lanserte 1. oktober, «På tur i Todalen» har vorte populær og har pr i dag 138 brukarar, og det kjem stadig nye til.  Det er 25 forskjellige turmål i denne appen, og har kan du avgjera sjølv om du vil konkurrere med alle – eller om du berre vil konkurrere med deg sjølv. 

Det er iallfall ingen tvil om at både bygdefolket og utabygds trimmarar sett stor pris på opplegget, og med slik oppslutning vil nok trimgruppa fortsett å arrangere «trefningar» på slike sosiale punkt.  Vi har lagt ut nokre bilder frå «OL-kaffen» i ved Båthølen – sjå om du «treffer» kjentfolk?

Rundt 50-60 personar møtte opp på OL-kaffe i gapahuken ved Båthølen. Triveleg å treffes på denne måten, tykte mange. Trimgruppa vil vel følge opp ønsket om fleire slike treff etter kvart. Foto Jon Olav Ørsal

Her blir Magne Søyset traktert av Lars Kvendset og Elinor Bolme frå trimgruppa. Foto Jon Olav Ørsal

Anders Halset og Jorid H. Ansnes gledde seg på kaffe og kanelsnurrar. Foto Jon Olav Ørsal

Michael var den einaste vi såg som kom på ski! Foto Jon Olav Ørsal

Og praten gikk glatt – her vart det nok diskutert både OL-resultat og koronasmitte – og mykje anna. Foto Jon Olav Ørsal

A

Publisert: 6. februar 2022, 16:03