Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for mars, 2024

Vi fann 91 artiklar i dette arkivet.


Slik blir påska på Todalshytta

Jon Olav Ørsal Laurdag 23. mars 2024

På Todalshytta opnar dei restauranten 3 dagar i påska. Vi har alt røpa at det blir balldag på tysdag, med servering frå 15:00 til 18:00, og som vanleg blir det både sildball og potetball på menyen denne dagen.  Langfredag blir du invitert på «after ski» på Todalshytta, og da bys det på burger & pizza med godt tilbehør, fortel Arve Evensen som er vertskap på Todalshytta. 


Påska på kulturhuset

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 22. mars 2024

Surnadal kulturhus vil vere meir ope denne påska,  enn dei tidlegare påskene, og kinoen nyttar høvet til å vise mykje film. Biblioteket vil vere ope laurdag og så dei to første dagane i påskeveka (måndag og tysdag). Men det vil vere mogleg å nytte «meirope tilgang» kvar dag resten av påska.


Opningstider på Matkroken i påska

Jon Olav Ørsal Fredag 22. mars 2024

Handelsmann Nordvik har sendt oss oversikt over opningstider for Matkroken Todalen. Her finn du opningstider for butikken både før påske og i påskehelga. I år er det kun ein dag at butikken er heilt stengt, nemleg langfredag 29. mars.   Nytt av året er at det er kioskope 16-18 på 1. påskedag 31. mars.


Hengebrua er komen i drift igjen

Jon Olav Ørsal Fredag 22. mars 2024

Sidan stormen i vinter har hengebrua mellom Liatun og Heggøyann vore steng for all bruk.  I dag har det pågått reparasjon av brufesta og brutårnet på eine sida, og no er brua atter farbar for fotgjengarar som kan bruke brua på eige ansvar.  Det er Gunnar Nordvik som med god hjelp av Per og Arne frå Gjeldnes Maskin som har jobba med reprasjon av brua, medan arbeidet har vore administrert av Todalen Bygdalag.



Takk for støtten til årets fasteaksjon!

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 21. mars 2024

Kirkens Nødhjelpkontakt i Surnadal og Rindal, Gro Hauge Venås, ønsker på vegne av Kirkens Nødhjelp å rette ein stor takk for alle bidrat til årets fasteaksjon, og til alle konfirmantane, foreldra og frivillige som deltok i innsamlinga på tysdag. Ho rettar også ein stor takk til dei som har vippsa til 2426 eller gjeve kontantar. Bidraga går rett inn på Kirkens Nødhjelp sin konto. 


Tysdag: – Startar påska med balldag

Jon Olav Ørsal Torsdag 21. mars 2024

Påska er like rundt hjørnet, og på Todalshytta startes påskefeiringa med baqlldag komande tysdag 26. mars.  Som vanleg er det servering frå kl 15:00 til Kl 18:00.  Kjøkkenet byr også denne dage på både potetball eller sildball med tilbehør.  Om du vil ha potetball eller sildball er nok «smak og behag» – og da er […]


Vellukke næringslivsdag i Surnadal

Jon Olav Ørsal Onsdag 20. mars 2024

Det var Sparebank1 Nordmøre som stod som arrangør, da vel to hundre deltakarar var på plass i Storstua da banksjef Allan Troelsen ønska velkomen.  Årets næringslivsdag er nr 20 i rekkja, og Troelsen starta årets arrangement med å orientere om verksemda til banken.  Han poengterte at det er viktig for næringslivet å delta på slike arrangement, både for å treffe andre og for å bygge nettverk. Da blir Storstua den perfekte møteplassen, og bank kjem til å fortsett med dette så lenge det er interesse for å delta, sa Troelsen.



Takstmann Øyås AS fekk «Utviklingsprisen» for 2024

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 20. mars 2024

Akkurat no arrangerer SpareBank 1 Nordmøre «Næringslivsdagen» 2024 på Surnadal kulturhus. No rett etter lunsj vart «Utviklingsprisen» for 2024 delt ut, og årets vinnar vart Takstmann Øyås AS, som har sitt hovudkontor på Nordvik og er eigd av ekteparet Nils Håvard Øyås og Karin Åsbø. 


Medlemsmøte i Surnadal pensjonistlag

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 19. mars 2024

I går kveld var det medlemsmøte i Surnadal pensjonistlag i kantina på Surnadal sjukeheim. Før medlemsmøtet tok til, var det eit kort styremøte i møterommet på sjukeheim. Deretter flytta dei til kantina på sjukeheimen for å gjennomføre  medlemsmøte


Litjrundt i fint ver!

Dordi Jorunn Halle Måndag 18. mars 2024

Siste kløverturen før påske gjekk Litjrundt og var innom tre grender: Halagrenda, Øyagrenda og Brusetgrenda.