Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Litjrundt i fint ver!

Dordi Jorunn Halle Måndag 18. mars 2024

Siste kløverturen før påske gjekk Litjrundt og var innom tre grender: Halagrenda, Øyagrenda og Brusetgrenda.

Turen starta frå skulen og utover til Øyabrua. Her var det frå gammalt av eit vad, seinare vart det bukk over elva og så bru. Øyabrua har ofte vore utsett for skade både av flaum og isforr, det kostar å halde ho i stand. Men ho er viktig for bygdefolket.

Øyan i Halagrenda. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Ved Bakkan. Asfalten har fått hard medfart i vinter. Foto: Marit Sanden Søyset.

Etter å ha passert Meieriet, Melen og gått innover Brusetmelane, gjekk turen over Brusetbrua, den eldste brua i bygda. Leif Halse skriv: «Når dei i gamle dagar skulle legge bru over ei elv, måtte dei ha ein bergfast pynt som landfeste. Følger du Toåa frå sjøen og oppunder Falla, så finn du berre ein slik bergpynt, og det er ved Brusethølen. Her var det eit rettskaffa landfeste, og bergnakken stakk litt til vers – «kjerra nakkå» som dei gamle sa, så brua kunne gå fri for elvaflaum og isforr. Her vart brua bygd, og tradisjonen vil vita at i lange tider var denne brua den einaste i heile dalen, og derfor var det berre ein gard som kunne få nemnet Bruset – nemleg garden ved brua.»

Turen vart avrrunda med ein tur utover til Steinarstuå og ned Storbrekkå. Vel tilbake til Matkroken, vart det det kaffelag.

No tek kløverturen påskeferie til 8. april.

Fleire bilete:

Ved Brusetbrua. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Utover Skeidet med utsikt mot Blåfjellet, Litjfjellet og Rambjøra. Foto: Marit Sanden Søyset.

Skulpturen av Vangsgutane ved Gammelskulen. Skulpturen er laga av Annasif Døhlen. Frå venstre: Helga, Jorunn, Kari, Åse Johanne, Arndis, Helen og Dordi Jorunn. Foto: Marit Sanden Søyset.

Publisert: 18. mars 2024, 21:48