Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for februar, 2024

Vi fann 92 artiklar i dette arkivet.


Preses, biskop og prost på besøk i Todalen

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 3. februar 2024

Frå torsdag til i morgon, søndag, er Møre bispedøme og biskop Ingeborg Midtømme vertskap for preses i Bispemøtet Olav Fykse Tveit, som er desse dagane er på nordmørsbesøk. I dag tok dei to, saman med prost Vidar Wilhelmsen Rygh i Indre Nordmøre prosti turen til Todalen. Først var dei innom kaffekroken på Matkroken Todalen for ein uformell samtale og kaffelag, før turen gikk vidare til Todalen kyrkje for aftensong der. 


Kald vind og nedbør – men ikkje ekstremvêr

Jon Olav Ørsal Laurdag 3. februar 2024

Det har vore meldt mykje vêr og ekstremvêr i fleire dagar no, men det er nok utmed kysten og nordover i landet dei har fått mest møling med både full storm og orkan i kasta. Fredag var det nok mykje regn, men sjølv om Toåa og andre elvar voks opp, så har det ikkje vore flaum.  Størst var no Toåa i 4-tida i natt, og i løpet av natta har det nok vore ein del isgang, men ikkje noko skade.  


Rute 1061 Kvanne – Rykkjem er innstillt ut laurdag kveld

Jon Olav Ørsal Laurdag 3. februar 2024

Rute 1061 Kvanne – Rykkjem:  Grunna dårleg ver vert sambandet innstilt inntil vidare, melder Fjord1 til Todalen.no i dag kl 13:22. Laurdag kveld melder Fjord1 at sambandet blir innstilt ut kvelden. Normal drift frå avgang kl 07.30 frå kvanne laurdag morgon.


«Til oss – fra de eldste»

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 3. februar 2024

Linn Skåber si bok, Til oss – fra de eldste, har vorte teaterforestilling, og torsdag 8. februar klokka 12:00 kan du få den med deg i Storstuå på Surnadal kulturhus. Hør Astrid Overaa fortelje om livet og alt vi må gjera før vi trur det er for seint. Førestillinga er ei «bridgeblanding» av song og musikk, latter og ettertanke. Historiene er, som nemnt, henta frå Linn Skåber si populære bok, og Astrids eigne tankar om å bli eldre.


Gudsteneste i Todalen kyrkje søndag

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 2. februar 2024

Søndag 4. februar klokka 11:00 inviterer Todalen Sokneråd til gudsteneste i Todalen kyrkje. Under gudsteneste vil det bli både dåp og nattverd. – Eg vonar folket ikkje er heilt utslitne etter bispebesøket laurdag, så somme (helst mange) finn vegen til kyrkja også søndag, seier fungerande sokneprest, – Det vert dåp av ei lita jente, og for meg vert dette litt spesielt, for eg døypte mora til jenta for om lag 30 år sidan!, legg han til. 


Inviterer til «Pop-up» bruktmarked

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 2. februar 2024

Todalen Idrettslag, kopierer gjengen i Korsen, og inviterer til «Pop-up» bruktmarked i Todalen ungdomshus laurdag 17. februar klokka 12:00 – 15:00. Her kan du leige bord til 100,- kroner og selge ting du ikkje lenger har bruk for, som til dømes: sko, ski og anna sportsutstyr, pene klær, bestikk, dekketøy, bøker, vesker, sekkar, bagar, reiskap og mykje meir. Det einaste du betaler er altså 100,- kroner for å leige bord, resten er ditt! Det er også lov å selge ting du har laga sjølv. Dette er eit godt bidrag til reell berekraft!


Talgø – vinner av årets messestand hos XL-Bygg

Jon Olav Ørsal Fredag 2. februar 2024

Talgø er godt vant med priser for beste messestand gjennom en årrekke.  Denne uken er ikke noe unntak, og den 29. og 30 januar arrangerte XL-BYGG sin årskonferanse BYGG 2024-messen i Lillestrøm. Her stakk Talgø av med prisen for årets messestand, skriver XL-BYGG på sine nettsider. 


Populært med balleik

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 1. februar 2024

I går kveld hadde Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag invitert til balleik i gymsalen ved Todalen skule. Og responsen på invitasjonen var god, og eit tosifra ungar i grunnskulealder møtte opp for å vere med på ein time med balleik. Ola Dalsegg og Anders Gjeldnes leia balleiken.  Først var det Tarzansisten som oppvarmingsøving. Etter […]