Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for februar, 2024

Vi fann 92 artiklar i dette arkivet.


Nytt styre i Stangvikfestivalen

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 14. februar 2024

Stangvikfestivalen har hatt årsmøte og valt nytt styre. Lise Mari Brøske, som tidlegare har vore økonomiansvarleg i styret, blir ny styreleiar i Stangvikfestivalen. I styret får ho elles med seg Jo Inge Nes (nestleiar), Astrid Hyldbakk (sekretær), Mari Bøe (økonomiansvarleg), Håkon Solem (marknadsføringsansvarleg), Rakel Polden (forpleiningsansvarleg) og Sigrid Vetleseter Bøe (kunstnarleg leiar). 


Romjulsnatt kåra til månadens bilete i januar

Guro Redalen Tysdag 13. februar 2024

Årets første kåring av månadens bilete er gjenomført, og Ingrid Helene Halle er fotografen bak Romjulsnatt som stakk av med sigeren i januar. Vi gratulerer!


Utvidar Stormyrhaugen

Jon Olav Ørsal Tysdag 13. februar 2024

Per Gjeldnes Maskin held no på og legg siste hand på verket i samband med opprusting av Halanessvegen.  Vegen er i løpet av dei siste par åra oppgradert ein vektklasse for å tale tømmertransporten og jordbrukstrafikken frå Brusetbrua og innover til Romåbrua i Halanesset. 



Vintersyn – Surnadal kunstforening med utstilling

Jon Olav Ørsal Tysdag 13. februar 2024

Siste halvdel av februar – nærmere bestemt fra torsdag 15. februar til 29. februar er det kunstnerne Ingrid Forfang og Orion Righard som vil by på sin kunst i Finstua på Surnadal kulturhus. Ingrid kommer fra Norge, mens Orion tilhører broderfolket i Sverige.  Åpning torsdag 15.2. kl. 18.


Medlemskontingenten for 2024 på veg

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 13. februar 2024

Todalen Idrettslag er i ferd med å sende ut fakturaer for medlemskontingenten for 2024. Medlemskontingenten for 2024 er på 200,- kroner. og dei fleste får fakturaen via e-post, og mange vil finne den i nettbanken sin, og da atår det Buypass Payment AS som mottakar. Dersom det er noko du lurer på med medlemskontingenten, eller du har spørsmål, kan du ta kontakt med Endre Talgø på telefon 936 89 326.


Kløvertur – sesongstart våren 2024

Dordi Jorunn Halle Måndag 12. februar 2024

Årets første kløvertur gjekk etter allmannvegen frå Matkroken og rundt om Husby. Etter ein kuldeperiode kom denne andre måndagen i februar med plussgrader og sur landvind.


Inviterer til ishockey på sjøisen

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 12. februar 2024

Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag inviterer onsdag 14. februar klokka 17:30 til ishockey og leik på skeiser på sjøisen. Oppmøte ved småbåthamna litt før 17:30. – Isen er trygg, men ungane bør ikkje gå utpå heilt åleine, så fint hvis vi blir fleire vaksne, oppfordrar Anders Gjeldnes, leiar i Barne- og ungdomsgruppa. 


«Kaffekrokens venner» doblar treningane og monterer nytt utstyr på Hett & Svett

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 12. februar 2024

For snart to veker sia, starta «kaffekrokens venner» med trening på Hett & Svett på onsdagar frå klokka 10:00 – 11:00. Nokre av dei som er med på desse treningane, har donert treningsutstyr dei ikkje lenger brukar heime, og i dag var Gunnar Nordvik ferdig med å montere desse på Hett & Svett. Samtidig har «kaffekrokens venner» bestemt seg for å doble treningsmengda!


Kårvatn Skimo: Vegard og Isak fekk beste tid på vertikalen

Jon Olav Ørsal Sundag 11. februar 2024

Isak Drøpping fekk beste tid i klasse Menn U18 – her var  det start i gardstunet på Kårvatn og målgang ved Storsvaet med ca 450 høgdemeter.  Han kom i mål på 21:54, som var 45 sekund betre tid enn Ive Holen som kom på andreplass – på 3.-plass kom Amund kristoffer Pedersen som var 3:26 etter.   For Menn senior var det målgang på høgde 907  med ca 700 høgdemeter, og her var det Vegard Øie som fekk beste tid på 29:43 – 1:31 framfor Morten Antonsen og 1:40 etter Øie kom Bjørn Hugo Herfindal på tredjeplassen.  


Kløvertur rundt om Husbygardane

Dordi Jorunn Halle Sundag 11. februar 2024

Todalen sanitetsforening inviterer kløvertur måndag 12. februar. Oppmøte ved Matkroken og start derifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!


Vellukka NorgesCup på Kårvatn

Jon Olav Ørsal Laurdag 10. februar 2024

Det var friskt både i gardstunet på Kårvatn og oppå Dalalia frå morgonen av i dag.  Men etter kvart som sola fikk litt grep så vart det meir skapeleg temperatur sjølv med litt vind.  29 ivrige randonee-entusiaster stilte på startstreken og tok ett kvart sats oppover Dalalia.  For seniorane gikk løypa opp mot toppen av Tydalsnebba, medan dei andre klassane fikk nøye seg med toppane «907» og «1040».