Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Utvidar Stormyrhaugen

Jon Olav Ørsal Tysdag 13. februar 2024

Per Gjeldnes Maskin held no på og legg siste hand på verket i samband med opprusting av Halanessvegen.  Vegen er i løpet av dei siste par åra oppgradert ein vektklasse for å tale tømmertransporten og jordbrukstrafikken frå Brusetbrua og innover til Romåbrua i Halanesset. 

På Stormyrhaugen har det vore teke ut ein god del masse i samband med vegarbeidet, og no held per Gjeldnes Maskin på med oppryddingsarbeidet på Stormyrhaugen – her blir det no jamna ut, og dermed blir det 3-4 mål med nytt dyrkingsland innover til bytet mellom Austistua og Lykkja.   Heile haugen på nersida av vegen blir no jamna ut og aukar dermed arealet litt.  

Vegen frå Brusetbrua og innover til Romåbrua er no ferdig opprusta for både tømmertrafikk og jordbrukstrafikk. Foto Jon Olav Ørsal

Publisert: 13. februar 2024, 14:30