Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Vellukka NorgesCup på Kårvatn

Jon Olav Ørsal Laurdag 10. februar 2024

Det var friskt både i gardstunet på Kårvatn og oppå Dalalia frå morgonen av i dag.  Men etter kvart som sola fikk litt grep så vart det meir skapeleg temperatur sjølv med litt vind.  29 ivrige randonee-entusiaster stilte på startstreken og tok ett kvart sats oppover Dalalia.  For seniorane gikk løypa opp mot toppen av Tydalsnebba, medan dei andre klassane fikk nøye seg med toppane «907» og «1040».

Fra starten på dagens individuelle konkurranse under Kårvatn Skimo. Foto Jon Olav ØrsaL

Det vart beinhar konkurranse fra arenaen i gardstunet på Kårvatn og oppover Dalalia til toppen – før turen nedatt gikk i puddersnø nedover lia og til målgang i gardstunet igjen.  Og førstemann nedatt var ikkje uventa Aron Rodal Haugen.  Han gjorde unna turen 50:19 som var 2:27 framafor Ivar Holen som kom på andreplass og 3:55 framafor Isak Drøpping på tredjeplass i klassen Menn U18.

Ida Waldal var den kjappaste av kvinnene i dag. Foto Jon Olav Ørsal

I klassen kvinner U20 var det Ida Waldal som var den kjappaste løparen i dag, og bruke 1:40:09.  Det var 23:55 raskare enn Malin Indergår som vart nummer 2 i klassen og 47:59 raskare enn Maria Strømdal Wik på tredje. I kvinner senior var det Molly Bazilchuk som var kjappast med 1:57:41, med Heidi Indergård på andreplass med differsnasen 23:31.

Vegard Øie vann seniorklassen med over 4 minutt til nestemann. Foto Jon Olav Ørsal

I menn senior var det Vegard Øie som var kjappast med tida 1:19:01.  Her kom Erik Kårvatn på andreplassen med tida 1:23:42 – altså 4:41 etter og Bjørn Haugo Herfindal med 5:06 i tillegg.  I klassen menn senior kom Steinar Aarvåg og Halvor Drøpping frå arrangørklubben på henholdsvis 6.-plass og 11.-plass med 14:37 og 22:03 etter Vegard Øie.  

Daniel Zwick hadde ansvar for tidtaking og resultatservice, medan Arne Gjethammer var TD (teksnisk delegert). Foto Jon Olav Ørsal

Arne Gjethammer som var TD for Kårvatn Skimo fortel at det er fantastisk fin pudderføre i fjellet no og han rosar arrangøren Trollheimen fjellsportklubb for eit flott arrangement i Dalalia på Kårvatn.  Så da er det berre å gle seg til dag 3 for Kårvatn Skimo, for søndag er det klart for Vertikal i Dalalia med start kl 10.30 for trimklasser og kl 11:00 for konkurranseklassar. 

Fin utsikt fra kontrollposten til Jo Gjeldnes om har sendt oss dette biletet. Her er det Erik Kårvatn som kommer mot kontrollpost i terrenget ved Tydalsnebba. Foto Jo Gjeldnes

Bildegalleri med nokre bilder frå Kårvatn Skimo 2024 – foto Jo Gjeldnes og Jon Olav Ørsal

Publisert: 10. februar 2024, 17:28