Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kårvatn Skimo: Vegard og Isak fekk beste tid på vertikalen

Jon Olav Ørsal Sundag 11. februar 2024

Isak Drøpping fekk beste tid i klasse Menn U18 – her var  det start i gardstunet på Kårvatn og målgang ved Storsvaet med ca 450 høgdemeter.  Han kom i mål på 21:54, som var 45 sekund betre tid enn Ive Holen som kom på andreplass – på 3.-plass kom Amund kristoffer Pedersen som var 3:26 etter.   For Menn senior var det målgang på høgde 907  med ca 700 høgdemeter, og her var det Vegard Øie som fekk beste tid på 29:43 – 1:31 framfor Morten Antonsen og 1:40 etter Øie kom Bjørn Hugo Herfindal på tredjeplassen.  

Vertikal – Fra starten i gardstunet på Kårvatn. Foto Jon Olav Ørsal

På 4.-plass kom Erik Kårvatn som var 1,57 etter Øie.  – Det var Kårvatn god nøgd med, og han tykte det var godt å kjenne at kroppen fungerer igjen etter ein periode med luftvegsinfeksjonar i vinter. Dei to andre frå Trollheimen fjellsportklubb, Steinar Aarvåg og Halvor Drøpping kom på henholdsvis 6. og 9.-plass på tida 33:37 og 38:50.  

Vegard Øie på 1.-plass i dag som i går. Her saman med Morten Antonsen og Bjørn Haugo Herfindal. Foto Jon Olav Ørsal

I kvinner senior vart det Caria Marilia Abreu De Freitas Brant som fekk beste tid på 48:44 og Ingrid Klokset fekk beste tid på U18 med tida 28:39.  Tilsaman var det 17 deltakarar på dagens vertikal i Dalalia.  

Isak Drøpping vart best i klassen M18 – her på allen saman med Amund Kristoffer Pedersen som kom på 3.-plass. Iver Holen kom på 2.-plass. Foto Jon Olav Ørsal

Dermed er årets NorgesCup i randonee i Dalalia ferdig for i år, men det er kjempefine forhold og puddersnø heilt til topps, så det ligg an til mykje skiglede vidare utover vinteren.  Mange turistar har hatt Tydalsnebba som turmål denne helga og enda fleire blir det nok etter kvart som sola får betre tak – da kan de bli drømmeforhol både i Dalalia og for toppturar i området.  

Video frå dagens vertikal frå Dalalia – frå Kjetil Sogge har vi fått ein videosnutt som han har filma med drone i Dalalia – klikk på linken og sjå kva som foregikk i Dalalia i dag!

Eit lite bildegalleri frå dagens vertikal  – foto Jo Gjeldnes og Jon Olav Ørsal

Publisert: 11. februar 2024, 15:07