Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kløvertur – sesongstart våren 2024

Dordi Jorunn Halle Måndag 12. februar 2024

Årets første kløvertur gjekk etter allmannvegen frå Matkroken og rundt om Husby. Etter ein kuldeperiode kom denne andre måndagen i februar med plussgrader og sur landvind.

Plussgradene gjorde at vegen vart glatt. Men alle var godt skodde med piggsko eller broddar, og dermed vart det ingen uhell med beinbrott; riktig så bra!

Klar, ferdig, gå – kløvertrursesongen er i gang! Frå venstre: Åse Johanne, Marit, Jorunn, Arndis, Helen, Liv Jorunn, Dordi Jorunn. Bak kamera: Kjell Gunnar Polden.

Som vanleg vart turøkta avslutta med varm drikke og triveleg prat i Kaffekroken.

Måndag om ei veke, 19. februar, er det ny kløvertur. Turrute blir bestemt etter ver og føre.

Godt srtødd veg opp mot Husby. Foto: Marit Sanden Søyset.

På tur ned Evjå. Nilsstuå oppå bakkå. Foto: Marit Sanden Søyset.

 

Publisert: 12. februar 2024, 22:49