Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

«Kaffekrokens venner» doblar treningane og monterer nytt utstyr på Hett & Svett

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 12. februar 2024

For snart to veker sia, starta «kaffekrokens venner» med trening på Hett & Svett på onsdagar frå klokka 10:00 – 11:00. Nokre av dei som er med på desse treningane, har donert treningsutstyr dei ikkje lenger brukar heime, og i dag var Gunnar Nordvik ferdig med å montere desse på Hett & Svett. Samtidig har «kaffekrokens venner» bestemt seg for å doble treningsmengda!

Nytt treningsapparat snart klart. Foto: Anders Mo

For etter treninga no på onsdag den 14. februar, går dei over til å trene måndagar og fredagar frå klokka 10:00 – 11:00. Så frå og med måndag 19. februar er det altså måndagar og fredagar som gjeld for treningane til «kaffekrokens venner». Datoane og tidspunkta for treningane vil du også finne i vår aktivitetskalender her på todalen.no! Om det er ei sterk formstigning, eller noko anna som gjer at dei no doblar treningsmengda, ja, det er det ikkje sagt noko om! Men i alle fall eit flott tiltak!

Ferdig montert. Foto: Anders Mo

Publisert: 12. februar 2024, 13:00