Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kald vind og nedbør – men ikkje ekstremvêr

Jon Olav Ørsal Laurdag 3. februar 2024

Det har vore meldt mykje vêr og ekstremvêr i fleire dagar no, men det er nok utmed kysten og nordover i landet dei har fått mest møling med både full storm og orkan i kasta. Fredag var det nok mykje regn, men sjølv om Toåa og andre elvar voks opp, så har det ikkje vore flaum.  Størst var no Toåa i 4-tida i natt, og i løpet av natta har det nok vore ein del isgang, men ikkje noko skade.  

Litt is i elva enno, men det meste har reist rnedover elva. Her ved Ramsøya/Hafallmelen i føremiddag. Foto jon Olav Ørsal

Utover laurdagen er det meldt ein del snø og vind – meldingane på yr.no melder om 22 m/sek i kasta, og dermed gult farevarsel for Møre og Romsdal.  Elles melder yr.no og varsam.no om betydeleg snøskredfare for heile Trollheimen. 

I Hagan ved Bruset – Toåa var på sitt største i 4-tida natt til laurdag viser NVEs målestasjon ved Storfossen. Foto Jon Olav Ørsal

 

 

Publisert: 3. februar 2024, 14:35