Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for februar, 2024

Vi fann 92 artiklar i dette arkivet.


Nok ein Klette-dag i Val Martello

Jon Olav Ørsal Sundag 25. februar 2024

Randonelandslaget var klare på startstreken, da starten på sprinten gjekk kl 9:30 søndag morgon.  Det var totalt 121 startande på prologen, der kvalifiseringa til finalane foregikk.  Dei 30 beste vart med til andre runde og 12 til semifinalen og 6 til finalen.  Av dei 4 norske som deltok i prologen, var det berre Hans Inge Klette som kvalifiserte seg til å bli med vidare – Erik kom på 40.-plass og var 7:19 for sent i mål til å bli med vidare.


Verdencupen i Val Martello går vidare – sprint i morgon

Jon Olav Ørsal Laurdag 24. februar 2024

I dag har det vore Mix-stafett i Val Martello i de italienske alper.  Norge stillte med eit lag – nemlig Hans-Inge Klette og Ida Waldahl, og dei to gjorde slett ikkje skap på dei norske fargane i dagen konkurranse.  Etter spennende kvalifisering og finaler enda dei to på 8.-plassen på tida 41:30:52 og berre 3:13.


Minner om årsmøte måndag 26. februar

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 24. februar 2024

Styret i Surnadal Pensjonistlag minner om årsmøtet sitt måndag 26. februar klokka 12:00 i lokala til Surnadal frivilligsentral i Møbel-Fiske bygget på Skei. Vanlege årsmøtesaker. 


Ei kjempe har gått overende

Jon Olav Ørsal Laurdag 24. februar 2024

Da Ragnhild og John Moe var ute på ein trimtur i Øyalia i dag, oppdaga dei at ei av dei to største furuene var gått overende.  Det var nok under siste stormen at belastninga vart for stor, og dermed måtte gi opp.  Todalen.no fikk eit par bilder frå Ragnhild, og dermed tok vi kontakt med Ståle Ansnes som er grunneigar og som har god kjennskap til dei to store furuene som har heldt kvarandre med selskap lenge – kanskje så lenge som 250 år.


Vedsjau i finvêret

Jon Olav Ørsal Laurdag 24. februar 2024

Bjørn Kvendset nytta finvêrsdagen laurdag til å produsere litt ved.  – Det skjer ved Sagtrø-saga, der han har rigga seg til med både rådvarelager og ferdigvarelag  – i tillegg har han «spilder ny» kapp- og klyvmaskin som gjer arbeidet lett og rasjonellt.


Kløvertur på måndag

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 24. februar 2024

Måndag 26. februar klokka 11:00 er det klart for ny kløvertir. Oppmøte på Matkroken Todalen.


«Kaffekrokens venner» viser stor treningsglede

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 23. februar 2024

For nokre veker siden starta «kaffekrokens venner» opp med trim på Hett & Svett, under kyndig leiing av Kjell Gunnar Polden. Dei første vekene var det trim på onsdagar, men frå og med denne veka har dei dobla mengda, så no er det trim måndagar og fredagar frå klokka 10:00 – 11:00. 


Surnadal kommune – tilskottsordningar, stipend og kulturpris

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 22. februar 2024

Surnadal kommune har no lyst fleire typar tilskot dei deler ut kvart år. I første omgang er det tildelingar frå Kleivafondet, «Henning-stipendet» og prosjekttilskott som er lyst ut for å kunne søke på. Kommune ber også om forslag til kandidatar til årets Kleivapris, som er Surnadal kommune sin kulturpris, og som blir delt ut under Kleivakvelden under Vårsøghelga. Frist for å søke på tilskottsordningane og lansere kandidatar til Kleivaprisen er 15. mars.  


Hard konkurranse i verdscupen i Val Martello

Jon Olav Ørsal Torsdag 22. februar 2024

To franskmenn på dei to første plassane og ein italiener på tredjeplass, og slik fortsett resultatlista langt nedover – dei er alle folk som kjem frå alpe-distriktet.  – Ein soleklar fordel å bu i høgda når ein skal konkurrere i 2- og 3000 meters høgde. Klart vi saknar høgdetrening, seier Erik Kårvatn som forsvarte dei norske fargane i dagens WC-konkurranse.  


Årsmøte i Nordvik grendalag

Dordi Jorunn Halle Torsdag 22. februar 2024

Nordvik grendalag melder at det blir årsmøte onsdag 28. februar 2024 kl. 19:00 i Nordvik forsamlingshus. 


Erik til verdscupen i Val Martello i helga

Jon Olav Ørsal Onsdag 21. februar 2024

Erik Kårvatn er alt på plass i Val Martello i Syd-Tirol, der han skal delta i WC i Randonee i helga.  Første løpet som er individuell går av stabelen alt kl 9:30 i morgon torsdag.  Val Martello ligg i Nord-Italia, ikkje så langt frå grensa til Sveits. 


Fjellkveld i Stangvik fredag

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 21. februar 2024

Fredag 23. februar klokka 19:00 inviterer Stangvik Grendalag til fjellkveld med Svein i Bryå i Bondhuset i stangvik. Stangvikforfattaren Svein Sæter har skrive og redigert fleire bøker om det gode livet i fjellet.