Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Hard konkurranse i verdscupen i Val Martello

Jon Olav Ørsal Torsdag 22. februar 2024

To franskmenn på dei to første plassane og ein italiener på tredjeplass, og slik fortsett resultatlista langt nedover – dei er alle folk som kjem frå alpe-distriktet.  – Ein soleklar fordel å bu i høgda når ein skal konkurrere i 2- og 3000 meters høgde. Klart vi saknar høgdetrening, seier Erik Kårvatn som forsvarte dei norske fargane i dagens WC-konkurranse.  

Vi er enige med Trym Dalset Lødøen og Erik Kårvatn, som er godt nøgde med plasseringa på 35.- og 39.-plass i slikt selskap.  Totalt var det 60 deltakarar i klasse menn senior i denne WC-konkurransen, og det trur vi det er god grunn til å være nøgde med.  

Beste norske vart Trym, med tida 1:36:22 og 12:22 etter vinnaren Gachet Xavier frå frankrike. Erik kom inn til ein 39.-plass på tida 1:38:38 og 14:38 etter bestetida.  Vegard Øie måtte stå over i dag, på grunn av ribbebeinsbrist, men han kjem no for fullt til mixstafetten på laurdag.  Fredag er det kviledag og opplading til laurdagens konkurranse.  

Publisert: 22. februar 2024, 14:17