Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Nok ein Klette-dag i Val Martello

Jon Olav Ørsal Sundag 25. februar 2024

Randonelandslaget var klare på startstreken, da starten på sprinten gjekk kl 9:30 søndag morgon.  Det var totalt 121 startande på prologen, der kvalifiseringa til finalane foregikk.  Dei 30 beste vart med til andre runde og 12 til semifinalen og 6 til finalen.  Av dei 4 norske som deltok i prologen, var det berre Hans Inge Klette som kvalifiserte seg til å bli med vidare – Erik kom på 40.-plass og var 7:19 for sent i mål til å bli med vidare. 

Hans Inge hamna på 9.-plass og var den einaste norske som kom med vidare – i andre runde kvalifiserte Klette seg til plass i semifinalen og vidare til finalen, der det til slutt vart 4.-plass. Dette viser at det norske landslaget er med i konkurransen, sjølv om det er tøffe tak for å henge med i konkurransen når ein kjm oppi høgda – konkurransane i val Martello har gått på mellom 2000 og 2900 høgdemeter.  I dameklassen var det ingen norske deltakar i dagen konkurranse.  

Publisert: 25. februar 2024, 14:43