Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Erik til verdscupen i Val Martello i helga

Jon Olav Ørsal Onsdag 21. februar 2024

Erik Kårvatn er alt på plass i Val Martello i Syd-Tirol, der han skal delta i WC i Randonee i helga.  Første løpet som er individuell går av stabelen alt kl 9:30 i morgon torsdag.  Val Martello ligg i Nord-Italia, ikkje så langt frå grensa til Sveits.  

Frå Norge er det tre løparar som deltek i morgondagens konkurranse – foruten Erik Kårvatn så startar Vegard Øie og Trym Dalset Lødøen.  Totalt er det 64 startande i klassen, så her får den norske gjengen noko å bita i! 

Erik har slite med luftvegsinfeksjon sia før jul, men føler no at han tåler treninga, og har funne forma igjen.  – Det kjennes bra ut no, seier han på telefon frå Val Martello.  Starten går på ca 2000 høgdemeter, og målgangen på ca 2900 m, så Erik er litt spent på korleis «fjellufta» vil virke inn.  

Resultatservice og overføringer fra torsdagens konkurranse finn du på denne lenka

Først publisert: 21. februar 2024, 22:02 - Sist oppdatert: 22. februar 2024, 08:50