Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

«Kaffekrokens venner» viser stor treningsglede

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 23. februar 2024

For nokre veker siden starta «kaffekrokens venner» opp med trim på Hett & Svett, under kyndig leiing av Kjell Gunnar Polden. Dei første vekene var det trim på onsdagar, men frå og med denne veka har dei dobla mengda, så no er det trim måndagar og fredagar frå klokka 10:00 – 11:00. 

Trim på tredemøllene. Foto: Anders Mo

Og oppmøtet på trimmen, så langt, har vore særs bra. Kjell Gunnar er engasjert instruktør, og han legg opp øvingane etter kvart enkelt sine ønske og behov. Så når «kaffekrokens venner» har trim, blir dei fleste apparata på Hett & Svett nytta. – Eit kjempe positivt tiltak, seier Anders Mo, ein av initiativtakarane og deltakar på trimmen. – Positivt at så mange er med, og har glede av å trimme litt, legg han til.

Publisert: 23. februar 2024, 11:27