Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Surnadal kommune – tilskottsordningar, stipend og kulturpris

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 22. februar 2024

Surnadal kommune har no lyst fleire typar tilskot dei deler ut kvart år. I første omgang er det tildelingar frå Kleivafondet, «Henning-stipendet» og prosjekttilskott som er lyst ut for å kunne søke på. Kommune ber også om forslag til kandidatar til årets Kleivapris, som er Surnadal kommune sin kulturpris, og som blir delt ut under Kleivakvelden under Vårsøghelga. Frist for å søke på tilskottsordningane og lansere kandidatar til Kleivaprisen er 15. mars.  

Kleivaprisen og Kleivafondet

Kleivaprisen er, i praksis, Surnadal kommune sin kulturpris. Kleivaprisen og Kleivafondet er finansiert gjennom ei gåve frå Hans Hyldbakk og han har også formulert statuttane for tildeling. Der heiter det at «Formålet med fondet er å fremja kulturelle og lokalhistoriske føremål innafor kommunen, unnateke fotball og stjerneidrett. Forutan tildeling av midlar etter søknad, kan styret på eige initiativ gje stønad eller påskjønning til einskilpersonar som har gjort eller gjer ein innsats for kultur og bygdesoge på ulønt og frivillig basis».

Kleivafondet er støtte til enkeltståande kulturtiltak (ikkje til vanleg drift), i tråd med statuttane nemnt over.

Skriftleg, grunngjeve framlegg på kandidat til Kleivaprisen og/eller søknad på Kleivafondet skal sendast til post@surnadal.kommune.no eller Surnadal kommune, Bårdshaugvegen 1, 6650 Surnadal, dersom søknaden blir sendt via brev.  

«Henning-stipendet»

Dette er eit stipend til ungdom mellom 13 og 20 år frå Surnadal kommune som vil utvikle seg innan kulturuttrykk som song og musikk, dans, teater, visuell kunst m.m. Gå inn på surnadal.kommune.no/aktuelt/ og les meir om stipendet.

Prosjekttilskott

Ein kan også søke om prosjektstøtte. Dette er ikkje støtte til vanlege driftstiltak, men til enkeltståande kulturprosjekt avgrensa i tid. Her skal søknadsskjemaet KF 136 nyttast.

 


Medlem i Todalen.no –


 

Publisert: 22. februar 2024, 18:05