Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for desember, 2023

Vi fann 91 artiklar i dette arkivet.


Surnadal Taxi informerer

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 21. desember 2023

Også hos Surnadal Taxi er det snart jul. Skal du ha drosje 24. desember (julaftan), må du førehandsbestille før laurdag 23. desember (lille julaftan) klokka 17:00. Det vil vere opphald i all drosjekøyring 24. desember (julaftan) mellom klokka 17:00 – 20:00.  


Den lengste natta på heile året

Jon Olav Ørsal Torsdag 21. desember 2023

Komande natt er den lengste natta i heile året.  Endeleg opplever vi vintersolsnu, slik at vi kan seie at det går mot lysare tider.  Det er nok mange som er glad for at dagane blir lengre og lysare, sjølv om det ikkje går så fort i starten.  Dei første dagane er det nok knapt eit minutt, men etter kvart aukar dagslengda med 6 minutt pr døgn.


Så opnar vi luke 21 – med 4 nye gevinstar

Jon Olav Ørsal Torsdag 21. desember 2023

Vi nærmar oss finalen i årets Julekalender frå TIL trimgruppa.   I dag har vi trekt 4 nye gevinstar, og fått 4 heldige vinnarar som vi presenterer her.   På første gevinsten har vi ei julestjerne i røyalimpregnert og med lys – her vart det Arndis Søyset som vart vinnar.   


Julesamling med ungt snitt

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 20. desember 2023

Frå og med i dag, tek skulane i Surnadal kommune juleferie fram til onsdag 3. januar. Skulegudsteneste før skulane tek juleferie, er ein årvis og lang tradisjon på mange skular. Todalen og Stangvik oppvekstsenter samla seg i går til skulegudsteneste i Todalen kyrkje. Bernt Bøe har sendt oss ein liten rapport frå skulegudstenesta, som du kan lese nedanfor. 


Kaiarbeidet på Kvanne er forlenga ut januar

Jon Olav Ørsal Onsdag 20. desember 2023

Rute 1061 Kvanne – Rykkjem:  Viser til oppdatert pressemelding utsendt fra Fram, der det fremkommer at kaiarbeidet på Kvanne er forlenget ut januar, som følge av dette så er ny ruteplan utarbeidet og blir gjeldende inntil videre, ny ruteplan starter 21.12. Sambandet driftes fortsatt av M/F Driva.


Inviterer til juletrefest

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 20. desember 2023

Tysdag 26. desember (2. juledag) klokka 14:00 inviterer Nordvik Grendalag til tradisjonell juletrefest i Nordvik forsamlingshus. Og kanskje kjem nissen?


Onsdag med luke nr 20

Jon Olav Ørsal Onsdag 20. desember 2023

Da har vi trekninga klar for luke nr 20 som er onsdag – nok ein dag er det 4 kortreiste gevinstar attafor luka.  Første gevinsten er ein vedsekk – den hamnar på Kvennset – nærare bestemt i Andersstua. 2.-gevinsten er i dag eit par ullsokkar –  her vart det Ingjerd Farstad som vart vinnar.  Den […]


Opningstidene på kulturhuset og biblioteket i romjula

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 19. desember 2023

Det blir sjølvsagt spesielle opningstider denne jula også – og spesielt mange julefilmar på kinoen. Opningstidene for bibliotek og kulturhuset varierer – om ein ser bort frå jul- og nyttårsaftan, samt 1. jule- og 1. nyårsdag. Da er huset heilt stengt. 


Det snører seg til – luke nr 19 er trekt

Jon Olav Ørsal Tysdag 19. desember 2023

Jammen var det 4 gevinster og 4 vinnarar attafor luke nr 19 også! Dermed er det berre fem luker att før vi kan runde av trekninga av årets julekalender.  I dagens trekning vart første gevinsten eit par heimestrikka utvottar trekt ut til Åshild Halle i Halagrenda.



Måndag og opning av luke 18

Jon Olav Ørsal Måndag 18. desember 2023

Bak luke 18 er det og 4 gevinstar som er trekte ut.  Gevinst nr 1 denne dagen er ein heimestrikka ullgenser med traktormotiv – og den heldige vinnaren er Åse Ville Redalen, så den hamnar på Kvennset i Austigarden.  


Pass deg på glattisen….

Jon Olav Ørsal Sundag 17. desember 2023

Etter fleire veker med meir eller mindre sprengkulde, så vart det vêrforandring med mildver og regn.   Og da vart det sjølvsagt blankis og hålkeføre, både for fotgjengarar og for biltrafikken. Her i Todalen har det nok gått bra, for vi har ikkje fått rapportert uhell av noko slag. Men det har vore mange uhell på vegane på andre plassar.