Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Opningstidene på kulturhuset og biblioteket i romjula

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 19. desember 2023

Det blir sjølvsagt spesielle opningstider denne jula også – og spesielt mange julefilmar på kinoen. Opningstidene for bibliotek og kulturhuset varierer – om ein ser bort frå jul- og nyttårsaftan, samt 1. jule- og 1. nyårsdag. Da er huset heilt stengt. 

Opningstidene ser du nedanfor:

Surnadal kino vil vise film til og med lille julaftan og i heile romjula. Før julehøgtida vil Aquaman – The lost Kingdom dominere. Og det er som det alltid har vore, dei som likar filmar frå Marvel-universet vil nok ha med seg denne også. Og dei andre er sikkert heime og pyntar til jul.

Foto: 2023 Warner Bros. Ent.

Aquaman dukkar, bokstaveleg talt, opp onsdag 20. desember og held seg flytande til og med lille julaftan, samt sånn snarast i romjula. Onsdag 20. er det lagt inn eit siste møte for kinogjengarane med Wonka.

Bukkene Bruse på badeland vil bli vist fem dagar i romjula. Den litterære suksessen til Bjørn F. Rørvik og illustratør Gry Moursund kjem no som teiknefilm og det ligg an til 70 heseblesande minutt med dette oppdaterte eventyret.

Foto: Qvisten Animation/ Nordisk Film Distribusjon

Den norske krigsfilmen Konvoi, blir også vist i romjula, men det blir berre på torsdag 28. desember. Men filmen blir vist til gangs først på januar, både på dag- og kveldstid.

Grunnen til at det blir lite plass til Konvoi er at det blir vist gratis film to dagar i romjula: Onsdag 27. desember spanderer Surnadal kommune ei forseinka julegåve på alle barn og ungdom. Klokka 13:00 viser dei Bukkene Bruse på badeland og klokka 15:00 Aquaman – The lost Kingdom. Vil du på den første, kan du hente deg fribillettar i resepsjonen – så lenge dei har. «Først til mølla» gjeld også for den andre filmen, men her blir det ikkje lagt ut billettar på førehand. Det er berre å sette seg i kinosalen – så lenge det er plass.

Fredag 29. desember er det Surnadal IL Barneidrett som har fått med seg Svorka og Sparebank1 Nordmøre på å tilby fribillettar til to kinoforestillingar med Bukkene Bruse på badeland ei klokka 13:00 og den andre klokka 15:00 Det same gjeld her. Du kan vende deg til resepsjonen og få fribillettar på førehand – heilt til dei eventuelt går tomme.

Heile kinoprogrammet finn du som vanleg på surnadal-kulturhus.no/filmer/

Publisert: 19. desember 2023, 15:32