Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Pass deg på glattisen….

Jon Olav Ørsal Sundag 17. desember 2023

Etter fleire veker med meir eller mindre sprengkulde, så vart det vêrforandring med mildver og regn.   Og da vart det sjølvsagt blankis og hålkeføre, både for fotgjengarar og for biltrafikken. Her i Todalen har det nok gått bra, for vi har ikkje fått rapportert uhell av noko slag. Men det har vore mange uhell på vegane på andre plassar. 

Blankis på enkelte gardsvegar på morgonkvisten. Foto jon Olav ØrsalDet er en del is på vegane, men strøarane har gjort ein god jobb, for det er bra strødd både på fylkesvegane og på kommunale vegar.  Enkelte gardsvegar, der det er grusdekke kan være glatte frå morgonen av, men blir nok strødd etter kvart.  Det lønner seg å bruke piggskor eller broddar dersom du skal driste deg utpå isen. 

Tett kulvert på Markavegen ved Raubekken i brusetmarka. Foto Jon Olav Ørsal

Utover ettermiddagen i går kom det ein god del regn –  i Brusetmarka kom det heile 57 mm dei siste 24 timane, det aller meste før midnatt.  Det er meldt meir regn utover ettermiddagen i dag, men med østleg vindretning er det usikkert kor mykje det blir. 

Mykje overvann nedover Toåa – her ved brusetbrua. Foto Jon Olav Ørsal

Toåa voks opp i går ettermiddag, og var på topp i 21-tida, med rundt 23 m3/sek.  Det meste av vatnet rann oppå isen, som vi ser på biletet frå Brusetbrua.  

Publisert: 17. desember 2023, 12:03