Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for desember, 2023

Vi fann 91 artiklar i dette arkivet.


Stangvik historielag med nytt årsskrift

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 2. desember 2023

Stangvik historielag sitt årsskrift for 2023 er no ferdig, og blir i desse dagar sendt ut til laget sine medlemmer. Årsskriftet vil også vere å få kjøpt, mellom anna på Matkroken Todalen. Årsskriftet kan også kjøpast direkte frå historielaget ved å kontakte Einar Grønnes på telefon 918 94 944 eller Marit Haugen på telefon 480 49 218. 


Luke 2 er opna – her kjem vinnarane

Jon Olav Ørsal Laurdag 2. desember 2023

Trimgruppa har opna luke 2 på sin julekalender, og dermed er spenninga løyst ut, og vinnarane er klare. Attafor luke 2 var det heile 3 gevinstar, og dermed blir det 3 heldige vinnarar.  


Basar og nonsmat

Dordi Jorunn Halle Laurdag 2. desember 2023

Todalen sanitetsforening tek ein ny vri på basaren sin i år: Sanitetsforeninga inviterer til adventsstund i Sanitetshsuet tysdag 5. desember kl. 17:00.


Å store og småe, fraus nasain sin blåe

Jon Olav Ørsal Fredag 1. desember 2023

Fredag kveld var vi invitert på julegrantenning i Brusetmarka, eller nærare bestemt i Trudvangkrysset.  Det vart ei triveleg stund, med gløgg, varme pølser og sjølvsagt nylaga julebrød av mange slag.  Dei fleste heimane på legmålet var representert – frå Brusetgrenda og oppover til Kårvatn – her kunne du bokstaveleg talt treffe naboen.


Førjulsbasar i Nordvik forsamlingshus

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 1. desember 2023

Nordvik Grendalag inviterer til førjulsbasar i Nordvik forsamlingshus søndag 10. desember klokka 17:00. Grendalaget lovar skikkeleg basarsøg og fin førjulsstemning. 


Lysmesse, adventsmiddag og julegatetenning på søndag

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 1. desember 2023

Søndag er det mykje som skjer her i Todalen. Todalen Sokneråd inviterer til lysmesse i Todalen kyrkje, Todalen Idrettslag inviterer til adventsmiddag i Todalen ungdomshus og til slutt er det julegatetenning av Todalen bøgdalag si julegate mellom Matkroken Todalen og Talgø.


Premiere for årets julekalender for TIL Trimgruppa

Jon Olav Ørsal Fredag 1. desember 2023

Endeleg er dagen komen og vi kan publisere dei første vinnarane i Trimgruppas Julekalender 2023.  Og det er ikkje småtteri vi trør i gang, fortel medlemene i Trimgruppa som har organisert både innsamling av gevinstar, salg av kalendrar og frå 1. desember er ein altså i gang med trekkninga.