Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Å store og småe, fraus nasain sin blåe

Jon Olav Ørsal Fredag 1. desember 2023

Fredag kveld var vi invitert på julegrantenning i Brusetmarka, eller nærare bestemt i Trudvangkrysset.  Det vart ei triveleg stund, med gløgg, varme pølser og sjølvsagt nylaga julebrød av mange slag.  Dei fleste heimane på legmålet var representert – frå Brusetgrenda og oppover til Kårvatn – her kunne du bokstaveleg talt treffe naboen.

Torill og Steinar serverte varm gløgg, varme pølser og julebrød fra garasjen i Trudvangkrysset. Foto Jon Olav Ørsal

Eit enkelt og greit arrangement, med Steinar og Torill på Trudvang som stillte garasjen til disposisjon for traktering  – og det var faktisk godt med ein var gløgg både for å varme fingrane og ein frossen kropp.  Og folk kosa seg og både med julgrantenning, traktering og i kvarandres nærvær .

Og folk kosa seg i kvarandres nærvær. Foto Jon Olav Ørsal

Ei lita utfordring var det nok å prøve å ta bilder med så lite, men samtidig så sterkt lys.  Men det vart da i allfall nokre bilder som kan fungere som gode minner fr årets julegrantenning i Trudvangkrysset.  Vi kan iallfall dokumentere at julefeiringa er komen i gang i Brusetmarka

Publisert: 1. desember 2023, 19:41