Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stangvik historielag med nytt årsskrift

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 2. desember 2023

Stangvik historielag sitt årsskrift for 2023 er no ferdig, og blir i desse dagar sendt ut til laget sine medlemmer. Årsskriftet vil også vere å få kjøpt, mellom anna på Matkroken Todalen. Årsskriftet kan også kjøpast direkte frå historielaget ved å kontakte Einar Grønnes på telefon 918 94 944 eller Marit Haugen på telefon 480 49 218. 

Skriftstyret har i år bestått av Lars Steinar Ansnes, Torbjørn Polden og Marit Haugen. 

Årets årsskrift er på 58 sider, og her kan ein mellom anna lese om:

  • Myrvang – forsamlingshus for «Løkkeidet og Kvande
  • Eit gamalt far
  • Stangvik gamle skule
  • Vegarbeidar og skytebas
  • Utleige av fiske i Søya i gamle dagar
  • Konfirmantar i Stangvik kyrkje 1931
  • Eit krigsminne: Nordvik-gardingane gjekk til London for å lytte på radio

Stangvik historielag sitt årsskrift innheld, i tillegg til det som er nemnt over, mange andre interessante historier og tilbakeblikk.

 

Først publisert: 2. desember 2023, 10:00 - Sist oppdatert: 1. desember 2023, 18:35